Norge u19 – 10 år etter


Me skreiv om England sitt U19-lag frå EM i Norge i 2002. 4 av dei har seinare fått kampar for A-landslaget til England. Her er laget til Norge frå den gong, og korleis det har gått med dei i ettertid.
Spelarane som har fått landskampar på seniornivå, er merka med *
Keeper:
Jan Kjell Larsen, Haugesund
65 seriekampar for Haugesund, før turen gjekk til Molde. Fekk nesten 100 kampar på 5 sesongar, men hamna litt i skuggen. Fyrstevalg i Stabæk i fjor, medan Jon Knudsen var skada. U21-landskampar.
Rune Jarstein, Herkules *
Den gong yngstemann i troppen. Har hatt suksess i både Odd, og delvis i Rosenborg, før han no er i Viking. Har vore kandidat til fyrstekeeperplassen på landslaget i fleire år, men ikkje heilt klart å gjere den til sin eigen.
Forsvar:
Vegar Landro, Brann
I dag i Bryne. Fekk to seriekampar for Brann i 2002, men gjekk fyrst til Kongsvinger, før han i dag er i Bryne, der han har passerte 150 kampar i 2010. U21-landskampar.
Lars Martin Engedal, Start
Vart aldri den hiten ein hadde håpa på i Start, og spelar i dag for Flekkerøy. U21-landskampar.
Kristian Flittie Onstad, Lyn
Stortalent i Lyn, der han fekk ein del kampar. Var proff i Esbjerg i Danmark i fleire sesongar, og fekk også ein sesong på lån i Brann, utan å få spele altfor mange kampar. I 2010 var han i Stabæk, men vart frigitt og avslutta sesongen i Raufoss. I 2011 kom han til Ullensaker/Kisa, og det såg ut til å gå i nedoverbakke. Men Ull/Kisa rykka opp, og skal denne sesongen spele i Adeccoligaen. Kanskje det er åpning for ein retur til Tippeligaen etter kvart? U21-landskampar.
Torbjørn Kjerrgård, Brann
Fekk nokre få kampar for Brann i 2002, men har sidan spelt i lavare divisjonar i Bergensområdet. Er i dag i Vestsiden Askøy, som spelar i 4.divisjon.
Dag Martin Tverborgvik, Haugesund
Debuterte for Haugesund i 2001, og spelte der ut 2003-sesongen. Spelte Adeccoligafotball for Vard i 2004. Han ga seg i Vard i 2005, og var seinare aktuell for Ørn Horten. I følge ein artikkel i Dalane-Tidende i Egersund, jobba han i Kystvakta i 2009.
Steinar Guvåg, Molde
Ingen registrerte kampar for Molde. Har dei siste sesongane spelt for Tertnes i Bergen.
Spelte for Fyllingsdalen Futsal, og var på futsallandslaget i 2009..
Per Verner Rønning, Levanger
Spelte i Levanger fram til 2005, og vart henta til Kongsvinger sesongen etterpå. I 2007 var han i svenske AIK, men fekk begrensa med kampar. Spelte i Bodø/Glimt mellom 2008 og 2011, før han vart henta til Rosenborg i fjor. U21-landskampar.
Midtbane:
Kristofer Hæstad, Start *
Stor karriere i Start og no Vålerenga. Eit mindre vellukka opphald i Wigan, men meir eller mindre fast på det norske landslaget.
Christian Grindheim, Haugesund *
Spelte i Haugesund mellom 2000 og 2004, før han gjekk til Vålrenga. Tre sesongar i Heerenveenm og har no vore i FC København frå 2011. Fast på landslaget.
Tarjei Dale, Odd
Fleire gode sesongar i Odd, og 14 mål på 43 kampar for Sogndal i 2008 og 2009. Er i dag i Notodden. Hausten 2006 scora han 5 mål i dei to kvalikkampane mot Bryne. U21-landskampar.
Joakim Austnes, Aalesund
Spelte fleire sesongar i Aalesund, med stor suksess, men gjekk til Viking i 2008, og fekk ein nedtur. Fyrste sesongen var heilt middels, men etter kvart som skadene, og Austnes ga seg på toppnivå etter 2010-sesongen. I dag er han spelande trenar i moderklubben HaNo.
Tor Erik Moen, Rosenborg
Har vore innom ei rekke klubbar, og hadde eit par gode sesongar i Haugesund fram til 2008. Var ei kort periode på Island og spelte for Grindavik, før han returnerte til Trøndelag og spelte for eit 6-divisjonslag. I 2011 spelte han for moderklubben Namsos. U21-landskampar.
Eirik Winsnes, Rosenborg
Fekk aldri nokon karriere i Rosenborg, og har i fleire år vore fotograf/journalist i Dagbladet. Speler framleis fotball, og var med i den årlege kampen mellom VG og Dagbladet i 2009.
Trond Olsen, Lyngen/Karnes *
Kom til Bodø/Glimt i 2001, og vart der til 2008, med unntak av eit låneopphald i Lillestrøm. Debuterte på landslaget, og fekk sin hittil einaste kamp mot Ukraina i 2008. Til Rosenborg i 2009, og til Viking sist sesong. Har 3 kampar og 5 mål for Samelandslaget.
Angrep:
Martin Wiig, Odd
60 kampar for Odd, og var to sesongar i Fredrikstad, før han kom til Sarpsborg i 2006. U21-landskampar.
Øyvind Hoås, Molde
Fekk 21 kampar for Molde i 2003-04, før han gjekk til Fredrikstad. Hooka opp med spisskompisen frå U19-landslaget i 2008, då han gjekk til Sarpsborg. U21-landskampar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s