Sandnes Ulf si nye heimedrakt 2012


Heimedrakt 2012

Den breie kvite V-en over brystkassa er den største endringa på Sandnes Ulf sine nye heimedrakter.

Heimedrakt 2011

Sponsorane både på front, skuldre, hals og ermar ser ut til å vere dei same som i fjor. Men på ermane så er det kvite som var der i fjor borte, så det kan sjå ut som om det berre har vorte flytta fram.

Igjen må me seie det er litt synd at dei norske laga får «fjorårets» internasjonale drakter, altså dei som andre land har brukt frå sist sommar.

Denne v-en har me blant anna sett på fleire tyske og engelske drakter den inneverande sesongen, og både Puma og Nike har brukt denne v-en, sjølv om Puma stort sett har gått for den skråe streken.

Heimedrakt 2010

Personleg så hadde me ein favoritt i 2010-drakta til Sandnes Ulf, som hadde litt tynnare kvite striper (som også Strømsgodset hadde). Dette var ei litt retro, men veldig stilig drakt, som me gjerne kunne tenke oss å sjå i eit par sesongar til.

Heilt til slutt kan me også ta med jubileumsdrakta som Sandnes Ulf brukte i fjor. Den var lyseblå- og kvitstripa, og i same stil som Ulf spelte med på 30-talet.

Dei 20 draktene som vart brukte i den eine jubileumskampen, mot Randaberg, vart etter kampen auksjonerte bort på klubben sine heimesider. Dersom nokon sit på ei av disse, er Fotballstova interesserte.

Jubileumsdrakta frå 2011
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s