Kva skjedde med Thomas Christiansen?


Huskar du den danske askeladdhistoria frå tidleg 90-tal, som etter kvart berre rann ut i sanden?

Historia startar i vel allereie nokre år tidlegare, då danske Thomas Christiansen trena med Real Madrid. Men vår historie startar i 1991, då den 18 år gamle dansken trena med juniorlaget til Barcelona. Sommaren 91, fekk han kontrakt med storklubben, og spela med B-laget til klubben, frå 1991 til 95. Han fekk aldri nokon seriekampar for A-laget, men fekk nokre minutt i ein supercupfinale, mot Werder Bremen.

Ikkje noko uvanleg der, kanskje, men det som er litt meir spesielt er at Christiansen då han kom til Spania vart beden om å endre statsborgarskapet sitt, for å ikkje kome på utanlandskvota til Barca. Og med spansk mor, var ikkje det noko problem.

Og sjølv om Christiansen til slutt ikkje slo gjennom for Barcelona, så var forventingane store. Såpass store var dei, at i 1993, då han framleis spela for Barcelona B, tok den dåverande spanske landslagssjefen, Javier Clemente, Christiansen ut på det spanske landslaget. Faktisk fekk han to kampar i 1993, 20 år gammal, før han hadde debutert i den spanske toppserien. Faktisk scora han i sin andre kamp, ein VM-kvalifiseringskamp mot Litauen.

Seinare vart han lånt ut til fleire spanske klubbar, og i den fyrste, Sporting Gijon, hadde han forholdsvis bra med suksess, men vart skadd. Seinare gjorde han det også så bra på lån i Racing Santander, at han vart innkalla til landslaget igjen. Men denne gongen måtte han trekke seg på grunn av ei skade.

Seinare var han på det næraste klar for Manchester City, men ombestemte seg, og ville bli i Spania. Fyrst var han i Real Oviedo, før han gjekk ned ein divisjon og spelte for Villarreal, og deretter endå lenger ned, til Terrassa. Etter ein snarvisitt i Hellas, reiste han heim til Danmark og spelte nokre frå kampar for Herfølge.

Deretter gjekk han til Bochum, som, i likheit med Herfølge, rykka ned frå øverste divisjon den sesongen.

Men så, 29 år gammal, skulle det endeleg snu for Christiansen. Han vart toppscorar for Bochum i 2001/02 med 17 mål, og dei rykka opp igjen til fyrste Bundesliga. Og der heldt danskspanjolen fram, og scora heile 21 mål, og vart med det delt toppscorar saman med Elber frå Bayern München.

I kjølvatnet av denne suksessen, vart Thomas Christiansen kjøpt av Hannover, for å erstatte Fredi Bobic. Men han fekk ein trøblete start, og greide aldri å finne flyten frå sesongane i Bochum igjen. I 2006 gjekk kontrakta hans ut, og etter mykje skader, bestemte han seg for å legge opp.

I eit intervju med eit dansk magasin frå 2010, kjem det fram at Christiansen bur i Spania, og har teke trenarutdanning, og at han framleis jobbar litt for Barcelona.

Men frå sesongstart 2011/12, flytta han til Sveits, og vart assistenttrenar for den tidlegare Barca-spelaren Victor Munoz, som tok over som trenar for Neuchatel Xamax. Men Christiansen fulgte Munoz ut av klubben, då han fekk sparken i januar i år.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s