England u19 – 10 år etter


Tidlegare presenterte me Norges 30 største fotballtalent, 5 år etter. Denne gongen er det England sine største talent for 10 år sidan, som går under lupa. 

I 2002 var det EM for u19-landslag i Norge, med kampar i Bærum, Drammen, Hønefoss, Kongsvinger, Lillestrøm, Moss og Oslo. Spania vann turneringa, og Fernando Torres vart toppscorar med fire mål. Det spanske laget hadde også profilar som Andres Iniesta, Jose Antonio Reyes, og Daniel Jarque, som døydde av hjertestopp i 2009. 
Men me velger å fokusere på England, sidan det er landet dei fleste av oss har tettast forhold til. Alle disse spelarane er fødde i 1983 eller 84, og er med det rundt 28-29 år i dag. 
England hadde fylgande lag: (med dåverandre klubbar)
(Spelarar med * har A-landskampar for England)
Keeper: 
Lee Grant, Derby
Grant fekk 74 kampar for Derby, og har vore innom eit par klubbar, før han no er i Burnley.
Andy Lonergan, Preston
Spelte over 200 kampar for Preston, og er no fyssteval i Leeds. 
Forsvar:
Justin Hoyte, Arsenal
Fekk 34 seriekampar for Arsenal, og var utlånt til Sunderland, før han no er i Middlesbrough.
Ryan Garry, Arsenal
Fekk ein kamp for Arsenal, 6-1 over Southampton, som var den fysste kampen av dei 49 Arsenal fekk på rad utan tap. Vart frigitt og gjekk til Bournemouth. La opp i fjor, 27 år gammal, etter stadige problem med muskelnervane i ein av anklane. 
Glen Johnson, West Ham*
Har vore innom Chelsea og Portsmouth, før han no er i Liverpool. Den fysste av spelarane som er fast landslagsspelar i dag. 
Ben Clark, Sunderland
Fekk berre 8 kampar for Sunderland, men over 160 i Hartlepool, før han mista plassen sin i laget, og gjekk til Gateshead i 2010.
Jon Otsemobor, Liverpool
Eit av dei verkeleg hausa talenta i Liverpool, ikkje minst gjennom Championship Manager, der han allereie som 14-åring var ein av dei mest lovande spelarane i England. I virkelegheita fekk han berre 4 kampar i Liverpool, før han fór ut på lån, og seinare gjekk permanent til Rotherham og deretter Crewe. Såg ut til å vere på vei nedover, før han gjekk til Norwich då dei låg i League One. Deretter gjekk han til Southampton, før han no er i Sheffield Wednesday. Ser ut til å etablere seg som ein solid League One-spelar. 
Midtbane:
Jermaine Jenas, Newcastle*
Ei stjerne i Newcastle og Tottenham, og hadde allereie ein sesong bak seg, meir eller mindre fast, i Nottingham. På lån i Aston Villa i fjor, men på grunn av skade vart det berre 3 kampar. 21 landskampar for England. 
Jermaine Pennant, Arsenal
Stortalent som aldri heilt slo til i Arsenal. Har vore innom ei rekke klubbar i England og Spania, før han no er i Stoke, der han spelar meir eller mindre fast. 
Gary O´Neil, Portsmouth
Spelte 174 kampar for Pompey, før han var innom Middlesbrough på veg til West Ham, der han kom i fjor. 
Stephen Cooke, Bournemouth (på lån frå Aston Villa)
Fekk 4 kampar for Aston Villa, og seinare 40 i Bournemouth. Deretter har han gått nedover, nivå for nivå, før han i 2010 endte i Pelsall Villa, i West Midlands. 
Jerome Thomas, Arsenal
Fekk ingen kampar for moderklubben, men slo seg opp i Charlton, med 103 kampar mellom 2004 og 228. Var ein sesong i Portsmouth, før han kom til West Bromwich i 2009, der karrieren har nådd sitt høgdepunkt så langt. 
John Welsh, Liverpool
Eit anna talent det var knytta mykje forventning til i Liverpool. Slo aldri igjennom, og fekk 4 kampar, før han fekk 3 sesongar i Hull. Er i dag solid på midtbana til Tranmere. 
Ben Bowditch, Tottenham
Ingen kampar for Spurs, og frå 2004 rasa han nedover i divisjonane, via eit kort opphald i AB i Danmark. Er i dag i Thurrock i Conference South. 
Darren Carter, Birmingham
Fekk ein del kampar for Birmingham, og var innom West Brom, før han gjekk til Preston i 2007. Var på lån i Millwall sist sesong. 
Angrep:
Dean Ashton, Crewe*
Stortalent som gjorde det stort i Crewe, Norwich og West Ham, men som dessverre måtte legge opp i 2009, etter lange skadeavbrekk. Fekk ein landskamp for England, i 2008, etter å fysst ha vorte kalla opp i 2006, men vart skadd på trening med landslaget, og var ute i ein heil sesong. 
Carlton Cole, Chelsea*
25 kampar for Chelsea, og har sidan 2006 spelt for West Ham. 7 landskampar for England. 
Michael Chopra, Newcastle
Spelaren, som eigentleg heiter Rocky til fornamn, var den fysste med indisk opphav som scora i Premier League. Kort karriere i Newcastle, men to perioder i Cardiff, og eit opphald i Sunderland, før han no er i Ipswich. Målgarantist på Championshipnivå.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s