Dei tre Trevorar


Namnet Trevor kjem frå walisisk og betyr heimstad eller stor busetnad, eller det kan kome frå irsk, og betyr då noko i retning sjølvkontroll. Det er eit namn som ein høyrer i ny og ne, men som ikkje er kjempevanleg i engelsk. I alle fall ikkje blant britiske fotballspelarar. Men likevel er det tre Trevorar som har utmerka seg i nyare tid.

Trevor Francis hadde ei stor karriere i Birmingham og fekk 52 landskampar for England (12 mål).

Han var også den fyrste spelaren som vart seld for ein million pund i England.
I tillegg til 8 sesongar i Birmingham spelte han ein sesong på lån i Detroit Express i USA, der han scora 39 mål på 38 kampar, og var i Nottingham, Manchester City, Sampdoria, Atlanta, Rangers, Wollogong City (Australia), QPR og Sheffield Wednesday.
I følge wikipedia, meinte Fabio Capello at Francis var den beste engelske spelaren som har vore i Serie A.

Trevor Steven hadde ei stor karriere i Everton, Rangers og  Olympique Marseille, og fekk 36 landskampar for England. Han debuterte på landslaget i 85, og var med i EM i 88, og VM i 1990.

Han vann 2 seriemesterskap, FA-cupen og UEFA-cupen med Everton. I tillegg vann han 7 skotske seriemesterskap med Rangers i gullalderen deira på 90-talet, i tillegg til 6 cupmesterskap.
I sesongen 91/92 hadde han eit opphald i Marseille, og vann likegodt serien der også. Mellom 89 og 96 vann han altså 8 seriemesterskap på rad.
Sistemann er Trevor Sinclair.
Vart tidenes yngste spelar i Blackpool då han debuterte der, og vart ei moderne legende i klubben før han gjekk til QPR og fekk same status der. Mykje på grunn av dette målet her:

Var seinare i West Ham, Manchester City og Cardiff, før han la opp i 2008. 12 landskampar for England mellom 2001 og 2003.

(Og i all rettferdigheits namn, så skulle me nok også ha teke med Trevor Brooking her, men det får gå…)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s