Rosenborg si oransje drakt


Vitsane har hagla den siste tida, alt frå om AaFK har signert Rade Prica, til om Prica har vaska den kvite drakta si saman med dei raude fotballstrømpene sine.

Men uansett, så har Rosenborg no lansert denne tredjedrakta, som er signaloransje i fargen, og ikkje særleg original eller pen i designen heller.

Det er mykje kvitt og svart på den, i tillegg til det oransje, og måten det er sett saman på, med det oransje som ei pil ned mot skrittregionen, er rart. Mulig det får deg til å sjå slankare ut over hoftene, dersom du står mot ein kvit bakgrunn…

Fansen rasar, og det er svært få som har vore ute og uttalt seg positivt om drakta. Årsaka til at det vart akkurat denne fargen, har i følge RBK.no med 2012-kolleksjonen til Adidas å gjere, og RBK kjem til å ha oransje innslag i blant anna treningstøyet sitt.

Kva syns du om drakta? Sei di meining i kommentarfeltet under.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s