Brødre på fotballbana del XI


Ti nye brødrepar:

1. Hisato og Yuto Sato

Hisato er spiss, som for tida er i Sanfrecce Hiroshima, og har over 30 landskampar og scora 4 mål for Japan. Tvillingbroren Yuto fekk ein landskamp i 2006, og midtbanespelaren er i dag i moderklubben JEF United Ichihara Chiba.

2. Giovani og Jonathan dos Santos

Dei meksikanske brørne som spelar i Tottenham og Barcelona. Dei har også ein bror, Eder, som har spelt ein kamp i den øvste divisjonen i Mexico, og ein far, Zizinho, som var brasilianar, og spelte stort sett i Mexico og USA.

3. Mustapha og Youssouf Hadji

Eldstemann har lagt opp, men hadde stor suksess i Frankrike, Portugal, Spania og England. Yngstemann Youssouf spelar i Rennes, for andre gong i karrieren, og har også vore innom Nancy to gonger, og Bastia.

Begge har flust med landskampar for Marokko.

4. Marciano og Jeffrey Bruma

Eldstemann Marciano har vore innom Sparta, Barnsley, Willem II, Arka Gdynia, og er no i Lech Poznan.

Jeffrey er Chelsea sin eigendom, men spelar denne sesongen på lån i Hamburg.

Trivia: Då Marciano Bruma spelte for Barnsley, måtte han spele som Marciano van Homoet. Det er faren sitt etternamn, som Marciano kutta ut då foreldra vart skilde, men sidan det stod på passet hans, så var det det namnet han vart registrert som av FA.

5. Javier og Cuco Martina
Javier kom gjennom rekkene i Ajax, og spelte sist sesong i Toronto i MLS, medan Cuco (også kalla Rhuendly Martina, i fylgje wikipedia) spelar på backen til RKC Waalwijk.
Yngstemann Cuco er fødd i Nederland, men begge spelar landskampar for Curacao, tidlegare kjent som Nederlandske Antiller.
6. Tijani, Ibrahim og Haruna Babangida
Eldstemann Tijani var i si tid den nye Overmars, når han slo gjennom i Roda, og vart henta til Ajax. Mellomstemann Ibrahim spelte stort sett i heimlandet, men fekk med seg litt over 50 kampar i nederlandske Volendam.
Yngstemann Haruna spelte fleire sesongar på reservelaget til Barcelona, og har seinare vore både i Ukraina, Hellas, Kypros, Russland, Tyskland, og no sist i Vitesse i Nederland.
PS: I fylgje wikipedia har desse karane 7 brødre til.
7. Dickson og Kelvin Etuhu
Eldstemann Dickson spelar i Fulham, etter å ha vore i fleire engelske klubbar. Kelvin var i Manchester City, som er moderklubben til begge, inntil i sommar, då han vart frigitt. Likevel har han spelt mesteparten av kampane i karrieren på utlån i andre klubbar.
Eldstemann har også landskampar for Nigeria.

8. Cristian og Damiano Zenoni

Noken huskar kanskje desse to frå tida i Atalanta rett før århundreskiftet. Sidan har Cristian vore innom AC Milan, Juventus, Sampdoria og Bologna, før han i 2010 enda i Albinoleffe. Damiano, som er ein litt meir offensiv forsvarar enn broren, forlot Atalanta fyrst i 2005, og var innom Udinese og Parma, før han kom til Piacenza i år. Han ha ein landskamp for Italia, noko som er ein mindre enn broren Cristian.

9. Nwankwo og Christopher Kanu
Christopher var også i ungdomssystemet til Ajax og Inter, og fekk nokre kampar i Ajax, samt fleire medium og mindre klubbar i Europa. Han reiste seinare tilbake til Nigeria og spelte for nokre klubbar der.
Storebror Nwankwo er framleis aktiv i Portsmouth, og har hatt ein særs rik karriere, i Ajax, Inter og Arsenal, samt nokre sesongar i WBA.  Han vann også OL-gull med Nigeria i 1996, og vart kåra til årets spelar i Afrika i 96 og 99.

10. Carlos og Alejandro Vela

Carlos er i ferd med å skape seg eit namn i England, og er i år på lån i spanske Sociedad, medan eldstemann Alejandro spelar i Cruz Azul i heimlandet.

Fleire brødre på fotballbana:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s