Landslagsfargar, del III – Afrika


Her er ei oversikt over draktfargane på landslaga i det afrikanske fotballforbundet.
Også her er det land som ikkje er fullverdige medlemmer av FIFA, men som er medlem av det afrikanske forbundet. 
Og som i Asia, så er det også raudt som er den store fargen blant dei afrikanske landa. Men her er det også veldig mykje gult. Overraskande mykje blått (kor mange afrikanske land med blå drakter kan du ramse opp?), og noko kvite drakter. 
Men mange av disse landa er ein jo også vande med å sjå i reservedrakter, så det er lett å blande. Mange som har raude eller gule drakter, har for eksempel grøne bortedrakter. Ghana er jo eit lag ein tenker ein har sett i raudt eller gult, men dei spelar i kvite heimedrakter. Algerie tenker ein kanskje ein har sett i grønt, og Tunisia i raudt, men begge disse spelar i kvitt. 
Også her er det nokre land som er det einaste med sin farge på draktene, og me tek like godt med dei: Den Sentralafrikanske republikk spelar i kvite og mørkeblå horisontale striper, såkalla «hoops» (tenk Celtic og QPR). Komorene har grøne og kvitstripa drakter, Eritrea spelar i ein lys lilla farge, medan Etiopia har grøne og gulstripa drakter. 
Liberia har drakter som ser litt amerikanske ut. Dei har vore raude og kvitstripa tidlegare, men har no også ganske mykje blått på seg. Så spelar Sierra Leone i lysegrønt. 
Til høgre ser du den litt spesielle Hummeldrakta til Sierra Leone, som dei brukte i 2010. Den har også mykje blått i seg. 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s