Minneverdige spelarnamn #3


1. Valdet Rama, Örebro
Ein mistenker at foreldra til den jugoslaviskfødde vingen var store tilhengarar av colombiansk fotball. Carlos Valderrama debuterte på det colombianske landslaget i 1985, to år før Rama vart fødd.

2. Kasper Kusk, AaB Aalborg

19-årig midtbanespelar som debuterte for AaB i 2010.

3. Rafael Scheidt, lagt opp

Brasilianaren vart henta, av alle stader, til Celtic, eit land der dritt vert uttalt shite, altså på same måte som etternamnet til den stakkars backen. Han var mykje skada, og fekk berre tre kampar under John Barnes, men minnet om han i Celtic vil nok aldri forsvinne. Dessverre, for historia sin del, så spelte han ikkje med Scheidt på ryggen, men Rafael.

4. Shlomi Arbeitman, Westerlo

Israelsk angripar som er Genk sin eigendom, men er på utlån i Westerlo. Jødiske namn er ofte veldig illustrerande, og Arbeitman høyres ut som eit arbeidsjern. Var ein målgarantist i heimlandet, då han spela for Maccabi Haifa. I desember 2010, var han i følge imscouting.com, den spelaren i verda som scora oftast, med eit mål kvart 64.minutt.

5. Michel Platini Mesquita, CSKA Sofia

Den brasilianske spissen er fødd i 1983, og oppkalla etter den franske legenda som var på høgda den gongen. Han er fødd Michel Platini Ferreira Mesquita, men kallar seg berre Michel Platini. Så langt har han berre hevda seg i bulgarsk fotball, men det er vel ikkje utenkeleg at han dukkar opp i ein større liga etter kvart, sjølv om han er 28 år gammal. 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s