Inspirerte draktvalg


Mange storklubbar verda over har drakter som er synonyme med klubben si storheit.  Juventus sine svart og kvitstripa drakter for eksempel.

Juventus

Men tru ikkje at klubben kom opp med ideen til å ha disse draktfargane sjølve. Dei spelte i utgangspunktet i rosa, men dei rosa draktene tålte vask veldig dårlig, og vart lysare og lysare for kvar gong dei vart vaska etter kamp.

Notts County

Så klubben ba ein engelskmann som spelte på laget, om han kunne sjekke i heimlandet, om nokon hadde drakter som tålte vêret litt betre der oppe. Mannen var frå Nottingham, og det fekk tilsendt et sett med drakten frå det som er rekna som verdas eldste fotballklubb, Notts County, som spelte i svarte og kvite striper.

Og dei draktene har dei spelt med sida, i over 100 år. Men om du spør nokon i dag om å nevne lag som spelar i svarte og kvite striper, så vert nok Juventus nevnt lenge før nokon nevner Notts County.

Men Notts County er ikkje det einaste laget i Nottingham.

Nottingham Forest

Det er ikkje ein gong det einaste laget i Nottingham som har inspirert andre lag, i draktfargar.

Arsenal

Nottingham Forest spelar i raude drakter med kvite shortsar, og på eit tidspunkt for lenge, lenge sidan, var det eit lag i London som trengte drakter.

Arsenal hadde to spelarar frå Nottingham, og då klubben trengte hjelpe, skreiv dei brev heim til gamleklubben, og fekk tilsendt eit raudt draktsett og ein ball. Og sidan har dei spelt i raudt. Sjølv om raudfargen var litt mørkare i starten. Det var legenda Herbert Chapman som ein gong på 30-talet fekk gjort raudfargen litt skarpare, og ermane kvite.

Det kan nemnast at Nottingham Forest spelar i raudt, fordi dei ville hylle den italienske helten Giuseppe Garibaldi, som blant anna kjempa i Sør-Amerika og Italia på 1800-talet. Han var kjent for å gå i raud skjorte, og då Forest vart stifta i 1865, vart det bestemt at draktfargen skulle vere same fargen som skjorta til Garibaldi.

Barcelona

Ei anna drakt det er knytta mange teoriar til, er drakta til Barcelona.

Det er mange historier om kvifor verdas største klubb spelar i akkurat dei fargane dei gjer, men den historia som vert sett mest lit til, er at mannen som stifta klubben, sveitsaren Joan Gamper, tok med seg fargane frå sitt eige lag, FC Basel, til Katalonia.

Basel

Draktene er veldig like, og dei seinare år har både heime- og bortedraktene til dei to klubbane vore så og seie identiske.

Gamper var også mannen bak FC Basel, og skal også ha vore med på å stifte FC Zürich.

Dette er nokre av dei meir kjende historiene, men det finst nok fleire rundt om. Kor ofte ser du ikkje drakter som minner veldig om ei drakt du har sett før? Det er nok ganske vanleg å «låne» drakter over landegrensene.


Men også i Norge har me liknande historier.

Då Rosenborg vart stifta i 1917, tok dei namnet Odd, etter Odd Grenland. Dei tok også dei same draktfargane. Namnet på laget vart seinare endra (etter 10 år), for å unngå forvikling i seriesystemet, men draktene beholdt dei.

Det er kanskje litt på sida i denne saka her, men Boca Juniors sine drakter er relativt unike, og alle kjenner igjen den mørkeblå drakta med den breie gule stripa over brystet. Men færre veit kanskje kvar draktfargane kjem frå?

I likheit med Juventus, så spelte også Boca i rosa, og deretter svarte og kvite striper. Men i følge historia var det også eit anna argentinsk lag som spelte i svarte og kvite striper på byrjinga av 1900-talet. Det vert fortalt at Boca spela ein kamp mot dette laget, for å avgjere kven som skulle få spele i stripene, og tapte. Då bestemte klubben seg for å dra ned til hamna, og at flagget på den fyrste båten som kom inn, skulle verte dei nye klubbfargane.

Og den fyrste båten som kom inn, heite Drottning Sofia, og kom frå Sverige. Dermed vart det blågule drakter, og det er dei den dag i dag. Dei fyrste seks åra var det ei gul skråstripe over fronten på drakta, men frå 1913 har stripa vore over brystet, slik me kjenner den.

I fjor hadde dei til og med ei jubileumsdrakt som minna endå meir om det svenske flagget.

Har du fleire eksempel på store lag som har lånt draktene, eller latt seg inspirere av andre klubbar i draktvalg, så gi oss beskjed i kommentarfeltet under.

2 comments

  1. Juventus skulle ha Nottingham Forest sine drakter. Dette på grunn av at rødt var et slite strekt stoff som tålte mange vask. De sies at denne engelskmannen var Notts County fan og dermed sendte ned deres drakter istedet.

    Likar

  2. Har ikkje høyrt den versjonen før, men det er ikkje utenkelig. Det var mange som spelte i arbeidsklede, eller laga draktene sine av same stoffet ein trakk madrasser i, sidan det var slitesterkt.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s