Ein milepæl for Sandnes


Sandnes Ulf er på veg opp i Tippeligaen, og med det er ein milepæl nådd. Sandnes har nemlig over lenger tid vore den største byen i Noreg, som aldri har hatt lag i vår øverste divisjon. Som den niande største byen i Noreg, er det kanskje på tide.

Men spørsmålet er no; kor lenge vil det ta før neste by på lista kjem opp? Svar: Det kan ta si tid. Det byen som no hoppar opp på fyrsteplass over dei største byane som ikkje har hatt lag i den øvste divisjonen, er nemleg Arendal, landets 15.største by.

Og Arendal spelar denne sesongen i tredjedivisjon avdeling, men dei ligg på trygg avstand bak Jerv og Skarphedin, og vil ikkje kome noko nærare Tippeligaen til neste sesong.

Dei neste byane på lista, er Lillehammer, Harstad, Kongsberg, Mo i Rana, Alta, Elverum, Askim, Drøbak, Stord, Ski, Stjørdal, Mandal, Grimstad og Egersund, som alle har over 10 000 innbyggjarar.

* Den minste staden som har hatt lag i den øverste divisjonen, er så vidt eg kan sjå Kapp, på Toten, som har ca 2000 innbyggjarar, og ikkje har bystatus. Dei var i det som den gong heite Hovedserien, i 1958/59-sesongen. Ein sesong der også lag som Årstad frå Bergen, Freidig frå Trondheim, og Greåker, var i øvste divisjon. Fredrikstad og Lillestrøm vann for øvrig kvar si gruppe, og etter 2-2 i fyrste finale på Ullevaal, måtte det omkamp til, som Lillestrøm vann 4-1. Det litt merkelege, er at 2-2 kampen vart spelt 21.juni, medan omkampen ikkje gjekk før 5.august. Altså nesten ein og ein halv månad seinare.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s