Heltane frå CM – Richard Pacquette


Richard Pacquette var den reine målgarantisten på CM tidleg på 2000-talet. Den gongen var han i stallen til QPR, og fekk i løpet av fire sesongar 31 seriekampar og 6 mål. I denne perioda var han også utlånt til Stevenage, Dagenham og Mansfield. 
 

Seinare gjekk han permanent til MK Dons, men med berre 5 kampar og 0 mål, vart opphaldet ikkje nokon suksess. Deretter har han vore innom 14 klubbar på 7 sesongar, og med unntak av to sesongar i Havant & Waterlooville, har det ikkje vorte mange kampane i kvar av klubbane. 

 
I dag er han i Hayes & Yeading, og scora nyleg i bortekampen mot Telford, men måla sit dessverre ikkje like laust i Hayes, eller nokon av dei andre 20 klubbane han har spelt for, som dei gjorde i Championship Manager. 
 
I følge engelske wikipedia, så hadde han før inneverande sesong scora 80 mål på 253 kampar, mest i lavare divisjonar. Og det er ikkje så veldig imponerande tal, for ein som scora like mange mål som han spelte kampar, i CM-verda. Men likevel, i motsetning til andre CM-heltar, så har i alle fall Pacquette holdt det gåande, og ikkje gitt seg. Han er fødd i 83, og framleis berre 28 år. Så det er ikkje for seint…
 
I 2008 fekk han også 2 kampar i VM-kvaliken mot Barbados, og scora eit mål den fyrste av dei to, for Dominica.
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s