Brian Clough og biene…


I haust vart eg møtt av dette synet, då eg passerte bigarden til far min:

Ei bikube, der ei metallplate som er brukt til å reparere kasselokket, har teksten «Wembley Sportsballs – Playballs», og ei teikning av sjølvaste Brian Clough.

Eg syns å erindre at eg har sett denne plata tidlegare, og meiner den stammar frå ei korg med plastballar, som var selde i ein lokal butikk. Elendige og ubrukelege ballar, sjølv når ein var 7-8 år, men åpenbart gode nok for Cloughie.

«Brian Clough recommends Wembley Regulation Footballs» står det ved sidan av bildet. Men faktum er jo, at 20 år seinare, så er ballane vekke, medan innpakninga framleis gjer nytta si, om enn på ein annan arena.

Dette er sannsynlegvis den einaste bikuba i verda med bilde og signaturen til legenda frå Nottingham Forest og Derby County.

I kjellaren dukka det også opp 3-4 plater med same motiv, som tydeligvis berre ligg å ventar på å verte ein del av ei bikube.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s