Heltane frå CM – Mark Kerr


 

Mange huskar kanskje denne eksepsjonelt lovande skotten frå CM ein gong rundt årtusenskiftet. Han var den gong i Falkirk, og så nær ei sikker signering som det gjekk an å komme. Han styrte midtbana på alle dei klubbane han kom til.
I verkelegheita hadde Kerr bra suksess i Falkirk, der han kom som 16-åring.
Han  gjekk seinare til Dundee United, der han hadde ein fantastisk åpningssesong, i 2003/04. Laget enda på femteplass på tabellen, og Kerr var ein av dei sentrale årsakene til det. Men sesongen etter fekk Kerr ein liten dupp i form, og var litt inn og ut av laget.
Sommaren 2008 flytta han til Aberdeen, og vart umiddelbart kaptein der.
Men etter 2009/10-sesongen reiste han frå Skottland, for å prøve lukka i utlandet. Dessverre vart det ikkje nokon storklubb, men derimot det greske andredivisjonslaget Asteras Tripoli, der Mark Kerr i dag spelar i ei blå/gul stripete trøye, med nummer 7 på ryggen.

I CM ville Kerr aldri tatt til takke med ein klubb på det nivået, men som så ofte før, så er det litt distanse mellom karrierane på CM og karrierane i det verkelege livet, for mange av disse stjernene.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s