Brødre på fotballbana del X


Ti nye fotballbrødre:

1. Arnar, David og Bjarni Vidarsson

Eldstemann av dei tre midtbanespelarane, Arnar, spelar i Cercle Brugge i Belgia, etter å ha vore i fleire belgiske og nederlandske klubbar, samt Lillestrøm i 1998. 52 landskampar og 2 mål for Island.
David er i svenske Öster, og var tidlegare også i belgiske Lokeren, som storebror, og i Lillestrøm mellom 2002 og 2004. 8 landskampar for Island. 

Yngstemann Bjarni starta i Everton, var innom Bournemouth og Twente, før han enda i Belgia. Fyrst i Roeselare, no i Mechelen. Ein landskamp for Island.

2. Fabio og Paolo Cannavaro

Eldstemann Fabio er ein av Italia sine beste spelarar gjennom tidene, og har den siste sesongen trappa ned og «henta pengar» i Al Ahli i Dubai. Han starta i Napoli, og har sidan vore innom utelukkande storklubbar: Parma, Inter, Juventus, Real Madrid og Juventus igjen. 136 landskampar og 2 mål for Italia, noko som er rekord i Italia.

Yngstemann har U21-landskampar, og fekk sitt gjennombrot i Parma. Sidan har han vore innom Verona og er no tilbake i moderklubben Napoli.

3. Akihiro og Yasuhito Endo

Eldstebror Akihiro var proff i 14 sesongar, fram til 2008, i Yokohama Marinos og Vissel Kobe, medan Yasuhito har over 100 landskampar for Japan og er ein viktig brikke i det japanske topplaget Gamba Osaka.

4. Alan, Stephen og Keith Quinn

Alan (fødd i 79) er midtbanemann i Ipswich og har ei fortid i Sheffield Wednesday og Sheffield United, uvanleg nok, og i tillegg eit låneopphald i Sunderland. Han har 8 landkampar for Irland.

Stephen (fødd i 86) spelar i Sheffield United, og har ei fortid i St.Patrick´s Athletic i Irland, samt låneopphald i MK Dons og Rotherham. Har kampar for U21-landslaget til Irland.

Keith (fødd i 88) er no tilbake i heimlandet og Waterford United, etter å ha vore innom Sheffield United og samarbeidsklubben deira, australske Central Coast Mariners, blant anna.

5. Mohamed og Abdoulwahid Sissoko

Mohamed har ei fortid i Valencia, Liverpool og Juventus, og skal denne sesongen speler for Paris St.Germain i fødelandet Frankrike, medan veslebror Abdou nyleg har vorte henta til Udinese frå Troyes. Begge er fødde i Frankrike, men foreldra er frå Mali, og Mohamed har nesten 30 kampar for det afrikanske landet.

6. Antonio og Aldo di Nigris

Har henholdsvis 16 og 12 landkampar for Mexico. Aldo er framleis med på landslaget, medan eldstemann Antonio døydde av hjertestans i november 2009. Då spelte han i greske Larissa, og hadde vore ute av landslaget i nesten 2 år. Antonio spelte i fleire klubbar i Sør Amerika, samt Tyrkia og Hellas, medan 28-årige Aldo så langt berre har spelt i heimlandet.

7. Mustapha og Youssof Hadji

Begge starta karriane i Nancy i Frankrike, men Mustapha er nok kjend frå midtbana til Deportivo La Coruna, Coventry og Aston Villa. Han fekk 63 landskampar og 13 mål for Marokko, i sin offensive midtbaneposisjon, før han la opp i 2010. Han scora som kjent eit minneverdig mål mot Norge i VM i 1998.

Youssouf har spelt i Frankrike heile karrieren, men har over 50 landskampar for Marokko. I dag er spissen tilbake i moderklubben Nancy.

8. Koji og Yukihiro Yamase

Koji (fødd 1981) spelar i Kawasaki Frontale, og har 13 landskampar for Japan. Yukihiro (fødd 1984) spelar i Sagan Tosu på nivå 2, etter fleire sesongar i Yokohama Marinos i J-ligaen.

9. Thordur, Bjarni og Joey Gudjohnsson

Sønene av den kjende trenaren Gudjon Thordarsson (Stoke og Start)

Thordur la opp i 2008, og fekk 58 landskampar og 13 mål. Han spelte blant anna i Bochum, Genk, Las Palmas, Derby, Preston og Stoke.

Bjarni er i KR Reykjavik, med ei fortid i Newcastle, Genk, Stoke, Bochum, Coventry og Plymouth. 20 landskampar og eit mål.

Joey spelar no i Huddersfield, men har vore i klubbar som Betis, Aston Villa og Wolves. 34 landskampar, eit mål.

Alle brødrene var i Genk i Belgia samtidig.

PS: Lillestrøm sitt store talent, Bjørn Bergmann Sigurdarsson, er halvbroren til disse. Dei har same mor, men ikkje same far.

10. Simone og Filippo Inzaghi

Veteranen Pippo Inzaghi har ei stor karriere bak seg, i Parma, Atalanta, Juventus og Milan. I tillegg har han 57 landskampar og 25 mål for Italia.

Yngstemann Simone vart aldri like stor, men 3 landskampar og ein karriere i Lazio, Sampdoria og Atalanta er heller ikkje så verst.

Fleire brødre på fotballbana:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s