Ingolstadt spelarstall


Benno Möhlmann er trenar for klubben. Han har vore trenar for fleire 2.Bundesligaklubbar tidlegare. Spelarstallen ser slik ut:

Keeper:
Sascha Kirschstein (fødd 1980)
Ramazan Özcan (1984, Austerrike)
Christopher Sommerer (1991)

Forsvar:
Marino Biliskov (1976, Bulgaria)
Tobias Fink (1983)
Ronald Gercaliu (1986, Austerrike)
Andreas Görlitz (1982)
Marvin Matip (1985, har både tysk og kamerunsk pass)
Malte Metzelder (1982)
David Pisot (1987)
Andreas Schäfer (1983)

Midtbane:
Kristoffer Andersen (1985, Danmark, men har også belgisk pass)
Moise Bambara (1984, har både tysk og burkinesisk pass)
Andreas Buchner (1985)
Romain Dedola (1989, Frankrike)
Fabian Gerber (1979)
Leonhard Haas (1982)
Manuel Hartmann (1984)
José-Alex Ikeng (1988, har både tysk og kamerunsk pass)
Stefan Leitl (1977)

Angrep:
Ahmed Akaïchi (1989, Tunisia)
Edson Buddle (1982, USA)
Caiuby (1988, Brasil)
Moritz Hartmann (1986)

Dei namna som kan vere verdt å merke seg, er forsvararane Biliskov og Görlitz, som begge har over 100 kampar i 1.Bundesliga. Sistnemnde har faktisk også 2 landskampar for Tyskland, då han spelte for Bayern München i 2004.

Malte Metzelder er bror til meir kjende Christoph Metzelder, og har også ei fortid frå Borussia Dortmund. Matip, Kirschstein, Özcan, Leitl og Caiuby har også kampar frå øvste divisjon. Leo Haas har ei fortid i Bayern München, og var i si tid rekna som eit stort talent.

Edson Buddle var eit stjerneskudd i MLS, og var i si tid aktuell for Rosenborg, om nokon huskar det. Han kom til Ingolstadt i vinter, og fekk 3 mål på 14 kampar i vår. Han er kanskje den spelaren me har høgst forventingar til. I tillegg er nyankomne Akaïchi eit stjerneskot frå Tunisia, og gjorde stor suksess i Etoile du Sahel, før han kom til Tyskland.

Ein annan kuriositet er at midtbanespelaren Kristoffer Andersen er son til Henrik Andersen, som vann EM-gull med Danmark i 1992. Andersen vart fødd medan faren spelte i Anderlecht, og har derfor både dansk og belgisk pass.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s