Utanlandsproffane #26 – Fredriksen 2009/10


Jon André Fredriksen si drakt frå FA-cupkampen mot Kettering, 7.november 2009.

Hartlepool tapte kampen 0-1, etter eit tidleg mål frå Moses Ashikodi.

Fredriksen kom aldri på bana i denne kampen, men vart sitande på benken heile kampen.

Drakta er veldig spesiell, fordi den er ei såkalla poppy-drakt. Det er vanleg i England at ein i tida rundt Remembrence Day, dagen dei minner sine falne krigsheltar, spelar ein kamp med den raude valmueblomsten sydd på drakta.

Drakta har poppyen både framme og bak, med inskrifta «At the going down of the sun and in the morning – We will remember them.» På ryggen er siste linja bytta ut med «Help for heroes.»

Drakta er også signert av Fredriksen på framsida og på baksida. Den vart i si tid auksjonert bort av klubben.

Jon André Fredriksen spelte i Moss og Sarpsborg i Norge, før han gjekk til Hartlepool United før 2009/10-sesongen.

Tidlegare drakter:

Kommenter innlegget