Fedre og søner VII


Her er nokre fleire fedre og søner:

1. Lars Arne Nilsen og Sivert Heltne Nilsen

Far er trenar i Hødd i Adeccoligaen, medan junior i år har teke steget opp som midtbanegeneral på laget.

2. Karl-Heinz og Alessandro Riedle

Pappa Karl-Heinz spelte 42 landskampar og scora 16 mål for Tyskland, og har ei stor karriere bak seg i Werder Bremen, Lazio, Dortmund, Liverpool og Fulham. Sonen Alessandro spelar i sveitsiste
Grasshoppers.

3. Alessandro og Mattia Altobelli

Faren vart verdensmeister med Italia i 1982, og scora i finalen, som andre innbyttar nokon gong til å greie det. Spelte hundrevis av kampar i Serie A, for Brescia, Inter og Juventus. 61 landskampar og 25 mål.

Sonen Mattia var i stallen til Inter mellom 2002 og 2006, utan å få prøve seg på A-laget. Er i dag spiss på Rodengo Saiano, på nivå 4 i Italia.

4. Wolfgang og Patrick Wolf

Wolfgang Wolf er nok mest kjent for å ha vore manager for Wolfsburg mellom 1998 og 2003. Ein «match made in heaven», som dei seier. Som aktiv spelte han for Kaiserslautern og Stuttgarter Kickers, og som trenar har han også trent begge, i tillegg til Nürnberg, Skoda Xanthi og Kickers Offenbach.

Sonen Patrick er austerriksk statsborgar, og har fått sin fyrste landskamp for Austerrike, i ein treningskamp mot Danmark i 2010. Han spelar for Wiener Neustadt, og har tidlegare vore innom Kärnten, Austria Kärnten, Ried og Gratkorn.

5. Giuseppe og Marco Materazzi

Pappa Giuseppe spelte for Tempio, Lecce, Reggina og Bari, og har trent ei rekke lag frå slutten av 70-talet. Dei mest kjende er Lazio, Bari, Brescia, Sporting Lisboa og Cagliari. Den siste registrerte klubben var rumenske Brasov i 2010.

Sonen Marco har vore i Perugia og Everton, og no i Inter sidan 2001. Han er kanskje mest kjend for å vere eit råskinn, og er nok framleis (med unntak av italienske fans) ein av dei mest forhatte spelarane i verda, for episoda med Zinedine Zidane i VM-finalen i 2006

6. Eyjolfur Sverrisson og Holmar Örn Eyjolfsson

Pappa Eyjolfur spelte i Stuttgart, Besiktas og Hertha Berlin mellom 1989 og 2003, og fekk 66 landskampar og 10 mål for Island. Han er for tida assistenttrenar i tyske Wolfsburg.

Holmar er i stallen til West Ham, og har vore der sidan 2008. Han har dei siste sesongane vore på utlån i Cheltenham og Roeselare. Mange kampar på aldersbestemte lag.

7. Avi og Tamir Cohen

Avi spelte i Liverpool frå 79-81, og var også innom skotske Rangers i 87/88-sesongen. Han var også sentral på det israelske landslaget. Der fekk han 51 kampar og 3 mål fram til han ga seg i 1986. Han døydde i ei motorsykkelulykke i heimlandet i 2010.

Sonen Tamir spelar i Bolton, og har foreløpig 18 landskampar for Israel.

8. Bruno og Daniele og Andrea Conti

Pappa Bruno er ei legende i både Italia og Roma. Over 300 kampar i serien for Roma, og 47 landskampar, inkludert VM-gull i 1982.

Daniele fekk 5 kampar og eit mål for Roma, før han gjekk til Cagliari i 1999, der han er kaptein i dag. Han har også ein U21-kamp.

Eldstemann Andrea (fødd 1977) har vore den minst suksessfulle, sjølv om han i 96/97-sesongen fekk 2 kampar for Roma. Han ha vore innom ein haug med mediokre klubbar, men har i dag klart å karra seg opp på eit bruktbart nivå i Bellinzona i Sveits.

9. Fabio og Carlo Cudicini

Pappa spelte i Udinese, Roma, Brescia og AC Milan på 50, 60 og 70-talet. Carlo kom til Chelsea frå fotballdverg/eventyr-klubben Castel di Sangro i 1999, og har hatt ein relativt suksessfull karriere på Stamford Bridge og no i Tottenham, så lenge han har fått sjansen.

10. Agim og Lorik Cana

Agim, ein tyrkisk/kosovoisk spelar, som spelte i Pristina i Kosovo sin liga, samt i Admira Wacker i Austerrike, Dinamo Zagreb, Samsunsport, Genclerbirligi og Lausanne.

Sonen Lorik har snart 50 landskampar for Albania, og har hatt ein rik karriere i Paris St.Germain, Marseille, Sunderland, Galatasaray og frå neste sesong; Lazio.

Her ser du dei tidlegare omtala fedrene og sønene:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s