Ein Tippeliga utan profilar


Det var mange «ekspertar» som brukte store ord før årets Tippeliga vart sparka i gong i vår. Nesten alle meinte at Tippeligaen var strippa for profilar, etter at spelarar som Moa, Marcus Pedersen, Christian Bolanos, Steffen Iversen, Daniel Nannskog, Anthony Annan og Erik Huseklepp forsvann. Og det var ingen nye som kunne fylle skoa til disse.

Men allereie i fyrste serierunde markerte spelarar som Nosa, Kim Ojo og Anthony Ujah seg. Seinare har Pape Pate Diouf, Bjørn Bergmann Sigurdarsson, Thomas Drage, Daniel Bamberg, Michael Barrantes og  Tarik markert seg, samt veteranar som Årst, Gunnarsson og Prica. Ujah har allereie forsvunne ut, og fleire kan fylge etter. Og igjen murrast det om at ligaen vert svekka.

Men profilane poppar opp ein etter ein. Dei siste rundene har folk som Ole Johan Halvorsen frå Sogndal og Joachim Jørgensen frå Sarpsborg markert seg, og vorte heite overgongsobjekt.

Vert Tippeligaen svekka, eller er det tvert imot slik at TL er såpass bra, at etterveksten fyller skoa til dei som forsvinn umiddelbart? Even Hovland, Kara, Carl-Erik Torp, (kven skulle tru han og Ojo kunne markere seg slik for berre eit år sidan?) Anders Konradsen, Rodolph Austin, Magnus Wolff Eikrem, Ogude, Abu, Horn. Profilane kjem på rullande band, og meir enn å føle at Tippeligaen har vorte svekka på eit år, verkar det som om ligaen er sterkare på profilar no enn nokon gong. Og dei kjem frå nesten alle lag.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s