Endelig, Strømsgodset…


Den nye hovudsponsoren er på plass, og endeleg har Godset greidd å gjere den smakfull.

Dei starta som kjent sesongen med den flotte påskrifta «Ekte Kjærlighet» på brystet, men etter dei fyrste serierundene vart det klart at bergensfirmaet NextGenTel skulle inn som hovudsponsor.

Det endte i fyrste omgong i katastrofe, då dei klistra ein diger kvit firkant med logoen rett på drakta.

Men no har det vore utlyst designkonkurranse blant fansen, og sjølv om resultatet på mange måtar sa seg sjølv, så kan den stolte vinnaren no klappe seg sjølv på skuldra og seie at det var han eller ho som berga årets Godsetdrakt.

Den kvite firkanten er vekke, og i staden har firmanamnet vorte skrive i kvite bokstavar, og ein har behalde den lilla logoen. Og sjølv om lilla ikkje heilt matchar blåfargen til godsettrøyene, så er dette ei soleklar forbedring.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s