Utanlandsproffane #20 – Fjørtoft 1993/94


Jan Åge Fjørtoft si kampbrukte bortedrakt frå sesongen 93/94, den einaste sesongen Swindon har vore i Premier League.

Møtet med toppdivisjonen vart hardt, og klubben vann ikkje på dei 16 fyrste forsøka. Det var heller ikkje kjempesuksess for Fjørtoft, som ikkje scora ligamål før etter jul.

Men då vart det desto meir imponerande: På dei siste 17 kampane scora han 12 mål.

Den gule bortedrakt er laga av produsenten Loki, som kanskje ikkje er den mest kjende. Sponsoren Burmah, eit skotsk oljeselskap, vart kjøpt opp av BP i 2000, og eksisterer heller ikkje lenger.

Drakta kjem frå England si største samling av Swindondrakter. Ein samlar i Bristol har samla kampbrukte drakter frå før Swindon rykka opp i Premier League, og fram til i dag.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s