Utanlandsproffane #18 – Kvarme 2001/02


Denne drakta er brukt av tidlegare Rosenborg, Liverpool, Bastia og St. Etienne-proff Bjørn Tore Kvarme, i hans fyrste sesong i spanske Real Sociedad.

Drakta kom via ein samlar i Trondheim, som i si tid har fått den frå ein kontakt i Rosenborg.

Trønderen spelte 84 seriekampar for baskerklubben, mellom 2001 og 2004, då han reiste vidare til franske Bastia. I den fyrste sesongen vart klubben nummer 13, og i den siste kom dei på femtande plass. Men i Kvarme sin andre sesong i Spania enda Sociedad på ein relativt sensasjonell andreplass i La Liga. Faktisk leia Sociedad serien til to runder stod att, då dei tapte for Celta Vigo, medan Real Madrid vann sin kamp. Til slutt enda baskerane 2 poeng bak storlaget frå Madrid på tabellen.

Dette var ein av berre tre gonger Sociedad har kome på andreplass, i tillegg til to seriemesterskap i Spania på byrjinga av 80-talet.

Denne sesongen spelte Kvarme saman med spelarar som Xabi Alonso, Darko Kovacevic, tyrkerane Nikat og Tayfun, Valeri Karpin og Sander Westerveld.

Kvarme vann Tippeligaen fem gonger med Rosenborg, og var kaptein i sin fyrste franske klubb St.Etienne.

I tillegg fekk han ein landskamp for Norge, mot Colombia i 1997.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s