PL: Swansea eller Reading


Det er klart for finalen i Play Off til neste sesong i Premier League, og finalen står mellom Swansea og Reading. Reading har tidlegare vore i Premier League, medan det vil verte fyrste gongen for Swansea.

I fleire sesongar har det vore venta at Cardiff kjem til å verte det fyrste walisiske laget i Premier League, men etter at dei tapte 3-0 mot Readin i semien, så står no vegen open for at «veslebror» Swansea kan fullføre den historiske milepælen.

Så er spørsmålet om dei «ukjende» frå Swansea kan slå dei litt meir kjende namna frå Reading?

For sjølv om Craig Beattie har vore i West Bromwich tidlegare, Garry Monk i Southampton, Luke Moore i Villa, Scott Sinclair i Chelsea og Thomas Butler i Sunderland, så er det ikkje mange store fotballnamn i Swansea: Dorus de Vries, Ashley Williams, Alan Tate, Ferrie Bodde, Darren Pratley, Cedric van der Gun, tidlegare omtala Angel Rangel, Stephen Dobbie, Nathan Dyer, Gower, Makabu-Makalambay, Richards, Lucas, Walsh, Allen, Orlandi og Britton. Det er ikkje mange som nikkar anerkjendande av den lista.

Då er det nok litt fleire som kjenner til folk som Shane Long, Noel Hunt, Jobi McAnuff, Zurab Khizanishvili, Ivar Ingimarsson, Andy Griffin, Jimmy Kebe, Mikele Leigertwood og ikkje minst Ian Harte, mannen som har stått opp att frå dei døde. Etter at han forlot Leeds for spel i spanske Levante, gjekk karriera nedover. Han fekk 8 kampar i Sunderland og berre 4 i Blackpool, og enda i Carlisle.

Der fekk karriera ein ny gnist, og han scora 19 seriemål på 52 kampar. Så henta Reading han før 2010-sesongen, og etter ein snublande start, så er det no berre ein kamp igjen av sesongen, ein kamp som kan føre Harte og Reading tilbake til Premier League.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s