Denne drakta stammar frå ein irsk samlar, og den vart brukt i den andre kvartfinalen i Europa League 8.april 2010, mellom Wolfsburg og Fulham.
Fulham hadde ei 2-1-leiing frå London, og vann også bortekampen 1-0, etter eit tidleg mål frå Bobby Zamora.
Bjørn Helge Riise kom innpå som innbyttar for Simon Davies etter 86 minutt, og dette er drakta han brukte.
Sesongen 2009/10 er utan tvil den mest suksessfulle sesongen Fulham har hatt i si historie, med finaleplass i Europa League, og dette er den andre Fulhamdrakta i samlinga frå den sesongen.
Tidlegare drakter: