Brødre på fotballbana del VII – England


Her er ti brødrepar frå engelsk fotball.

Aaron og Joleon Lescott

Joleon er i Manchester City, storebror Aaron er i Walsall.

Jack, George, Jimmy og Stan Milburn

For dei som hugsar engelsk fotball på 20- og 30-talet. Jack hadde 386 kampar for Leeds, og yngstemann Stan spelte heilt fram til 1965. I tillegg hadde dei ein fetter, Jackie, som også var ein stor spelar på den tida, og dei er onklane til kanskje meir kjende Jackie og Bobby Charlton.

Bobby og Jackie Charlton

Sir Bobby Charlton har 106 landskampar og 49 mål for England. I tillegg fekk han 606 seriekampar og 199 mål for Manchester United. Jackie spelte 629 kampar og scora 70 mål som stoppar for Leeds. Det er nok ganske unikt i verdenssammenheng at to brødre har spelt så mange kampar for to forskjellige lag i same serie, utan å nokon gong ha spelt saman. Jackie fekk 35 landskampar og 6 mål for England.

Mike og Mel Pejic

Mike spelte 360 seriekampar for Stoke, Everton og Aston Villa. Mel spelte 518 seriekampar for Stoke, Hereford og Wrexham, og er i dag fysioterapeut i Bolton.

Wayne og John Rooney

Medan Wayne vert rekna som ein av verdas aller beste fotballspelarar, skal veslebror John denne sesongen freiste lukka i Erik Soler sitt New York Red Bulls.

Chris og John Sutton

Chris fekk ein landskamp for England, og var i si tid den dyraste spelaren i England, når Blackburn kjøpte han for 5 millionar pund frå moderklubben Norwich. Han var toppscorar i Premier League i 1997/98 (saman med Dion Dublin og Michael Owen) og var innom Chelsea, Celtic, Aston Villa og Birmingham i karrieren.

John var i si tid junior i Tottenham, men er i dag i Motherwell i Skottland, og var sist sesong å sjå på Color Line Stadion, då Aalesund møtte Motherwell. Faren deira, Mike, var også fotballspelar.

John og Paul Terry

John er kjend landslagsmann for England, og allereie ei legende på Stamford Bridge. Storebroren Paul spelar i Darlington.

*Paul Terry er gift med systra til Paul Konchesky.
** John Terry vart avslørt etter å ha hatt eit forhold til sambuaren til lagkameraten Wayne Bridge. Det førte til ein offentleg oppvask i fleire månader etterpå, og Terry miste kapteinsbindet på landslaget. Men storebror Paul hadde også ei affære med dama til ein lagkamerat, som i følge britisk media enda med at Rushden-keeperen Dale Roberts hengde seg i sitt eige hus i desember 2010.

Graham, Ray og Dean Wilkins

Eldstemann Graham spelte 137 seriekampar for Chelsea mellom 1972 og 1982, men måtte legge opp etter et beinbrot som 29-åring.

Ray er den mest kjende, med 83 landskampar for England, og ein stor karriere i Chelsea, Manchester United, Milan, Paris St.Germain, Rangers og QPR. Han har også trent QPR, Fulham og Millwall seinare, og vore assistent i Chelsea.

Dean Wilkins spelte over 300 kampar for Brighton, og har seinare vore manager der, og midlertidig manager i Southampton.

*Faren George var også profesjonell fotballspelar.

Neil og Luke Young

Neil Young fekk 430 ligakampar for Bournemouth, medan yngstemann Luke spelar på høgrebacken til Aston Villa.



David og Dean Holdsworth

Litt meir i utkanten av det som er kjent her, men Dean var ein berykta spiss i si tid, medan tvillingbroren David fekk meir enn 250 seriekampar i midtforsvaret til Watford. Han var også i Sheffield United og i Birmingham.

Dean er nok mest kjend frå si tid i Wimbledon og Bolton.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s