Brødre på fotballbana del VI


Og her har du ti brødrepar til:

Karl-Heinz og Michael Rummenigge

Yngstebror Michael levde i skuggen av broren, men fekk over 150 seriekampar både for Bayern og for Dortmund, før han avslutta karrieren i japanske Urawa Red Diamonds. I tillegg fekk han to landskampar for Vest-Tyskland mellom 1983 og 1986.

Karl-Heinz var kaptein på Bayern og på landslaget, og fekk til saman 95 landskampar, og 45 mål. Han spelte mesteparten av karriera i Bayern, men var også tre sesongar i italienske Inter, og to i sveitsiske Servette.

Andy og Michael Dawson

Andy (32) har vore i Hull sidan 2003, Michael (27) er i Tottenham. Sistnemnde har 3 landskampar for England.

*Dei har også ein tredje bror, Kevin (29), som spelte 11 kampar for Nottingham, før han forsvann nedover i divisjonane, og til slutt ut av ligasystemet.

Bruno og Benoit Cheyrou

Bruno starta i Lille, og var eit av dei fyrste kjøpa til Houllier i Liverpool. Der lukkast han heller dårleg, etter å ha vorte omtala som den nye Zidane. Han var på lån i Marseille og Bordeaux, før han gjekk til Rennes i 2006. Var i fjor i Anorthosis Famagusta på Kypros, og er i år i Nantes i Ligue 2.

Benoit starta i Lille, og var innom Auxerre før han kom til Marseille i 2007. Har aldersbestemte kampar for Frankrike, men ingen for A-landslaget.

Shefki og Njazi Kuqi

To albanskfødde finske brødre. Yngstemann Njazi har vore ein del i England, men spelt få kampar. Si beste periode hadde han nok i Koblenz i Tyskland, der det vart 52 kampar og 11 mål mellom 2008-10 Er i dag klubblaus etter å ha fått 3 seriekampar for Dundee sist sesong.

Shefki vart noko overraskande signert av Newcastle i Premier League, då dei kom i spisskrise tidlegare i sesongen. Ha var i fjor i Swansea, og har mykje erfaring får Stockport, Sheffield Wednesday, Ipswich, Blackburn og Palace, blant anna. Var også i Koblenz saman med broren i 2009/10-sesongen.

Thomas Holm og Daniel Fredheim Holm

Halvbrødre som begge har ei fortid i Vålerenga. Thomas reiste tidleg til proffeventyret i Heerenveen, men returnerte til Vålerenga og vart seriemester under Kjetil Rekdal. Er no i Molde. Han har 4 landskampar for Norge.

Daniel danna eit berykta angrep saman med Daniel Braaten i Skeid, og har vore mesteparten av karriera i Vålerenga. Eit opphold i danske Aalborg vart prega av skader, og han skal denne sesongen prøve seg i Rosenborg. Har 3 landskampar for Norge.

Catilina, Willy, Pierre-Emerick Aubameyang

Milanspelaren Pierre-Emerick (21) har dei siste sesongane vore utlånt til franske klubbar, og har 11 landskampar og 2 mål for Gabon.

Willy (24) starta også karriera i Milan, men etter fleire år på utlån rundt om, gjekk han i år til Kilmarnock i Skottland. Han har 6 landskampar for Gabon.

Catilina (27) er den einaste som fekk ein seriekamp for Milan. Han vart også lånt ut i tre-fire sesongar, før han gjekk til Libreville i Frankrike. Er i dag i amatørklubben GFCO Ajaccio på Korsika. 4 landskampar og eit mål for Gabon.

John og Justin Fashanu

Begge starta karrierane sine i Norwich, og John vart seinare ei legende i Wimbledon, og fekk 2 landskampar for England.

Justin var meir ei klubbnomade, og skifta i følge Wikipedia klubb 22 gonger i løpet av sin 19-år lange karriere. Justin Fashanu var den fysste fotballspelaren som stod fram som homofil, men etter at han i 1998 vart anklaga for seksuelle overgrep mot ein 17-åring i Atlanta, USA, tok han sitt eige liv. Han vart funnen hengd i ei garasje i London, som han hadde brote seg inn i. I sjølvmordsbrevet hevda han si uskuld, og det viste seg seinare at politiet i USA allereie hadde henlagt saka mot han.

Allan og Kurt Mørkøre

Må vel ta med eit par færøyiske brødre også her: Kurt spelte litt i Norge, blant anna to perioder i Skarbøvik i Ålesund, og mellom 1999 og 2001 var han i Sogndal. 37 landskampar og 6 mål for Færøyane. Kurt er bakar.

Veslebror Allan spelte stort sett på Færøyane, med eit par unntak på Island. Han er i dag trenar for FC Hoyvik, som tidlegare var Fram Torshavn.

Stephane og Wilfried Dalmat

Eldstemann Stephane er den mest suksessfulle. Har spelt i Lens, Marseille, PSG, Inter, Tottenham, Santander og Bordeaux, blant anna, og er no saman med Alexander Tettey i Rennes.

Wilfried har stort sett vore reserve litt rundt om kring, i Frankrike, Italia, Spania, og no Brugge i Belgia.


Eric og Joel Cantona

Det meste er sagt om storebror Eric. Yngstemann Joel var litt her og der, rundt om kring, men fekk ikkje spele mykje nokon stad. Karriera tok han til Ungarn, England og Belgia, og han har etter karriereslutt prøvd seg i skodespelarfotspora til broren.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s