Grafitti på en vegg i Swindon…


På ein vegg ein stad i Swindon er det malt noke grafitti. På kvar side av logoen til Swindon Town er det to spelarar, og den eine av dei dreg ein kanskje litt kjensel på…

Den karakteristiske feiringa med armane ut som vingar vart sett på fleire baner enn den i Swindon.

Jauda, det er ingen ringare enn sjølvaste Jan Åge Fjørtoft, som kjem flygande ut av muren.

Maleria er laga av to lokale grafittikunstnarar, og er å finne ved Don Rogers-tribuna på heimebana til Swindon, County Ground.

Det seier nok litt om statusen Fjøra har i Swindon, for dei tre andre på bilda, er legenda Don Rogers, som har fått tribuna oppkalla etter seg, samt dei to spissane Simon Cox, som gjekk frå Swindon til West Bromwich i 2009, og Charlie Austin, som framleis var i klubben når grafittien vart laga, men som no er i Burnley.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s