Fedre og søner VI


Her er nokre fleire fedre og søner i fotballen

Ulf og Benjamin Kirsten

Ulf Kirsten var saman med Matthias Sammer og Andreas Thom den fyrste austtyskaren som spelte for eit samla Tyskland. Han hadde også ei lang karriere i Leverkusen. Sonen Benny har ikkje fått det like bra til, og er reservekeeper i Tore Andreas Gundersen sin klubb, Dynamo Dresden.

Pappa Ulf fekk totalt 100 landskampar, 49 for Aust Tyskland, 51 for Tyskland. Med det var han den fyrste spelaren i verda til å nå 100 landskampar med to forskjellige land. Han hadde også ein kraftig skjeggvekst i perioder, som visst nok skal ha gitt han ein lukrativ sponsoravtale med barbermaskinprodusenten Braun.

Sjølv om han ikkje kom til Leverkusen og «vest-tysk» Bundesliga før han var 25 år gammal (han spelte sine fyrste 7 sesongar i Dynamo Dresden), så er han den nummer 5 på toppscorarlista i Bundesliga gjennom tidene.

Ioannis og Georgios Samaras

Pappa Ioannis spelte 16 landskampar for Hellas, og fekk eit mål frå sin midtbaneposisjon. Han vart fødd i Melbourne, Australia, av greske foreldre, og faren, Georgios senior, var ein av dei som var med på å stifte South Melbourne FC, som er ein av dei store klubbane i Australia.

Georgios jr er å finne i Celtic, etter tidlegare opphald i Manchester City og Heerenveen. Han har over 40 landskampar for Hellas.

Klaus og Matthias Sammer

Like greit å ta med to andre Aust-tyske landslagsspelarar då. Sammer, som nemnt ovanfor, ein av dei fyrste som spelte for det samla tyske landslaget. Han fekk 23 (6 mål) landskampar for Aust-Tyskland, og 51 (8 mål) for Tyskland. På klubbnivå spelte han for Dynamo Dresden, Stuttgart, Inter og Dortmund. Han har tidlegare trent både Dortmund og Stuttgart, og er i dag tilknytta det tyske forbundet.

Pappa Klaus spelte stort sett heile karriera for Dynamo Dresden, og fekk 17 landskampar for Aust-Tyskland. Han har seinare vore trenar for Dresden i to perioder, den siste frå 92-93.

Ray og Stephen Clemence

Pappa Ray ei av tidenes aller største keeperlegender, og vert rekna som ei klubblegende både i Liverpool og Tottenham. Han fekk 61 landskampar for England.

Sonen Stephen fekk 91 kampar på midtbana til Tottenham, 121 for Birmingham og 31 for Leicester, før han måtte legge opp i fjor.

Bobby og Jonathan Gould

Tidlegare Celtic-keeper Jonathan Gould er son av klubbnomada Bobby Gould, som blant anna spelte i Coventry, Arsenal, Wolves, WBA, West Ham og Aalesund. Han har seinare vore trenar i ei rekke klubbar. Jonathan er i dag assistenttrenar for sin siste klubb som aktiv, Wellington Phoenix frå New Zealand, som spelar i den australiske toppdivisjonen A-league.

Nodar og Zurab Khizanishvili

Pappa Nodar fekk ein landskamp i forsvaret til Sovjetunionen, i 1982, og spelte heile karriera si i klubbane i Georgia, blant anna 9 sesongar i Dinamo Tbilisi.

Zurab har over 60 landskampar for Georgia, og har ein innhaldsrik karriere i Skottland og England, og er denne sesongen på lån i Reading.

Tony, Mark og Tom Hateley

Mark Hateley spelte 32 landskampar og scora 9 mål for England. Ei klubblegende i Rangers, og var i tillegg innom klubbar som AC Milan, Monaco, QPR og Portsmouth.

Pappa Tony var også spiss, og spelte for Notts County, Aston Villa, Chelsea, Liverpool, Coventry, Birmingham og Oldham i si karriere.

Tom (fødd 1989) er sonen til Mark, og barnebarnet til Tony. Han vart fødd i Monaco, då pappa spelte der, og er i dag i Motherwell, dit han kom frå Reading i 2009.

Ray og Gary og Kevin Mabbutt

Ray Mabbutt var ei legende på midtbana til Bristol Rovers, men sonen Gary er nok den mest kjende der i familia. Han spelde 482 ligakampar for Tottenham, og scora 27 mål. I tillegg fekk han 16 landskampar for England.

Kevin er nok den minst kjende av dei tre, men spelte i 8 sesongar for Bristol City og Crystal Palace, før han måtte legge opp 27 år gammal. Han eig i dag ein restaurant i Los Angeles.

Franco og Sandro Foda

Franco er i dag trenar i Sturm Graz, og har ei lang karriere bak seg med hundrevis av kampar i Tyskland, Sveits og Austerrike. Han spelte sine siste år i Sturm Graz, og fekk også to landskampar for Vest Tyskland.

Sonen Sandro har vore i stallen til Sturm Graz sidan 2007, og hadde før den inneverande sesongen berre ein handfull kampar for klubben. Medan faren var forsvarar, er Sandro midtbanespelar.

* I fylgje wikipedia kan «franco foda» på portugisisk bety «fucking for free», eller alternativt ein grov måte å seie «veldig bra» på.

Mike og Nicky Summerbee

Pappa Mike hadde 8 landskampar for England, og var 6 sesongar i Swindon, og 10 i Manchester City.

Nicky fekk ein B-landskamp for England, og spelte i fleire sesongar i Swindon, Manchester City og Sunderland. Bestefar George Summerbee var også profesjonell fotballspelar.

Her ser du dei tidlegare omtala fedrene og sønene:
Fedre og søner V
Fedre og søner IV
Fedre og søner III

Fedre og søner II

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s