David Beckham i voks…


… og då tenkjer me ikkje på den som står i Madam Tussauds…

Neida, David Beckham har nemlig fått si eiga voksstatue i Iran, nærare bestemt på St.Petersburgmuseet i Teheran.

Mange meinte at statuen av Michael Jackson utanfor Craven Cottage var underleg plassert, men at Beckham har fått si eiga statue i Iran er kanskje endå merkeligare.

Men det er ikkje berre plasseringa som er rar her. Sjølve statuen lignar nemlig ikkje så veldig på Beckham. Den ser meir ut som Christopher Lambert i Highlander

Eurosport, som omtalar saka, meiner dei har forveksla Becks med Qui-Gon Jinn, karakteren til Liam Neeson i Star Wars.

Men, som om ikkje det er nok: I tillegg til statuen av Beckham, så har iranarane også laga ei anna statue, og plassert rett ved sidan av. Og det er ikkje Posh Spice, men det er ingen ringare enn den tidligare tyske storkeeperen Oliver Kahn.

Av alle fotballspelarar i heile verda, er det desse to som vert sett høgast i Teheran. Og om ikkje anna, så ser Oliver Kahn litt likare ut enn Beckham, men ikkje mykje.

Dei ser begge to ut som delar av utstillinga der dei stiller ut døde kroppar i fomalin…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s