Tippeligaen sponsa av banken


Etter dei fyrste tre rundene i årets Tippeliga, legg ein merke til at veldig mange av klubbane er sponsa av bankar, enten det er lokale, eller regionale bankar.

Erkerivalane Vålerenga og Lillestrøm har begge Nordea som hovudsponsor. Haugesund, Brann og Sogndal er alle sponsa av Sparebanken Vest. Rivalane i Møre og Romsdal, Aalesund og Molde, er begge sponsa av Sparebanken Møre.

I tillegg er Start sponsa av Sparebanken Sør, og Tromsø har Sparebank1 Nord-Norge. Det vil seie at det er 9 av 16 lag som har bank som hovudsponsor.

Det vil seie at det berre er Stabæk, som er sponsa av Fornebulandet, Odd og Viking, som er sponsa av energiselskapa Skagerak og Lyse, og Strømsgodset, som ikkje har houvdsponsor på magen, Sarpsborg, som har Borregaard, Rosenborg, som har Rema1000, og Fredrikstad som har Stabburet, som ikkje har bankar.

Men under kveldens kamp mellom Viking og Molde, ser ein jo at Viking har Sparebank1 SR-bank på ryggen. Det same gjeld Odd, som har Sparebank1 Telemark på ryggen, og Strømsgodset som har Sparebank1 Drammen på ryggen. Då er me oppe i 12 av 16.

Og ved nærare ettersyn, har Rosenborg Sparebank1 SMN på ryggen. Og trur du ikkje at me finn eit bilde av ryggen på ei Sarpsborgdrakt, og at me der kan skimte ein logo som viser seg å vere Sarpsborg Sparebank1?

Kven manglar då… FFK. Der var den. Den fyrste drakta i Tippeligaen som ikkje har ein einaste banklogo på seg. Rett nok er DnBNor ein av sponsorane til Fredrikstad, men det er så vidt me kan sjå ikkje nokon logo på heimedrakta i alle fall.

Stabæk er lag nummer 16, og også dei har Sparebank1 på ryggen, i dette tilfellet filialen som heiter Oslo-Akershus.

15 av 16 lag har altså ein bank på ein av dei to største sponsorplassane på drakta. Det er tydeleg at det bankane ikkje har teke skade av dei tunge tidene, i alle fall.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s