Drakter 2011: Fredrikstad


Årets heimedrakt frå FFK:

Laga av Umbro, med Stabburet som hovudsponsor. Og den skil seg ikkje veldig mykje frå tidlegare Fredrikstaddrakter.

For å ta det positive fyrst: FFK har vore flinke med fargane, og alt av logoar er i klubben sine fargar, bortsett frå den gule flekken i Stabburet-logoen, men det får gå. Sånn sett er dei nok ein av dei klubbane som har vore flinkast med designen på årets drakt.

MEN, og det er alltid eit men. Eller fleire. For det fyrste er Stabburet-logoen så usymetrisk at den får heile drakta til å sjå heilt skeiv ut. Og det trekk ned alt det positive fargane trakk opp.

I tillegg så er FFK-drakta, som dei fleste andre Umbrodraktene i årets Tippeliga, ein av dei styggaste modellane Umbro har. Disse raude 90-talsstripene frå skuldra til armhula, og Umbromønsteret på skuldrene ser ikkje ut som det er laga for 2011.

Så er det krage på draktene. Og det er det ingen som likar 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s