Brødre på fotballbana del V – Danmark


Og er er 10 brødrepar til, denne gongen plukka ut frå vårt naboland i sør:

1. Niclas og Daniel Jensen

Niclas, som har lagt opp, spelte 62 landskampar for Danmark, og var innom klubbar som PSV, FC København, Manchester City, Dortmund og Fulham, medan Daniel har vore i Heerenveen og Murcia, og er no i Werder Bremen. Han har 51 landskampar for Danmark.

2. Marc og Mads Rieper

Storebror Marc er den mest kjende av disse to. Han starta i AGF, men var også innom Brøndby, West Ham og Celtic, der han vart både serie- og ligacupmester. I tillegg vann han cupen med Brøndby, og fekk 61 landskampar for Danmark

Mads spelte stort sett heile karrieren sin i AGF, der han enda på 153 kampar på 12 sesongar, og fekk med seg eit cupmesterskap i 96/97-sesongen.

3. Ebbe og Peter Sand

Ebbe var ein storscorar i Brøndby og Schalke fram til han la opp i 2006, medan tvillingbroren Peter nok er mest kjend her heime, for å ha vore litt over 2 sesongar i Stabæk. Han var i tillegg i Midtjylland, Barnsley, SønderjyskE og AGF, før han ga seg i 2007.

4. Mads og Andreas Laudrup

Sønene til Michael, barnebarna til Finn Laudrup. Begge har vorte sett på som veldig lovande, men har ikkje slått heilt til. Mads (22) er midtbanespelar i Køge, og Andreas (20) i Nordsjælland. Sistnemnde har vore innom juniorsystemet til Real Madrid.

* Mads er fødd i Milano, då pappa spelte i Juventus, medan Andreas er fødd i Barcelona, då han spelte der.

5. Ulrich og Steen Thychosen

Brødrepar som på 70- og 80-talet fekk henholdsvis 3 og 2 landskampar for Danmark. Begge var stort sett baserte i Vejle, men prøvde seg også i utlandet.

6. Carsten og Michael Hemmingsen

Carsten fekk ein landskamp for Danmark, og spelte flest kampar for OB og FC København. Storebror Michael var innom OB, og er i dag hovudtrenar for SønderjyskE

7. Jonas og Magnus Troest

Jonas spelar i OB, etter eit kort opphald i Hannover i Tyskland. Har 25 U21-kampar. Magnus var i ungdomsavdelinga til Aston Villa, men har spelt seniorfotball for Midtylland, Parma, Recreativo (lån) og Atalanta (lån). Det er Genoa som eig han, men han har framleis ikkje spelt ligafotball for dei. 18 U21-kampar.

8. Martin og Michael Johansen

Tvillingbrødre som begge har vore innom engelsk foball.

Martin fekk tre kampar for Coventry i Premier League, men var brorparten av karriera si i FC København. Han fekk også ein landskamp for Danmark i 1993.

Michael spelte også lenge for FC København, og avslutta karrieren i AB, men i mellomtida fekk han 165 kampar og 20 mål for Bolton i engelsk fyrstedivisjon og Premier League.

9. Martin og Mads Jørgensen

Yngstebror Mads var det største talentet, men var mykje plaga med skader, og la opp i 2008, berre 29 år gammal. Han hadde då vore i AGF, Brøndby, Ancona, Stabæk, deretter tilbake til Brøndby og AGF.

Storebror Martin er no attende i AGF Årgus, etter ein stor karriere i Italia, med over 300 kampar for Udinese og Fiorentina.

* Ein liten kuriositet, om ein skal lite på wikipedia. Begge brødrene heiter eigentleg Lars til fornamn, men begge brukar mellomnamnet sitt… (Altså Lars Martin og Lars Mads)

10. Tommy og Peter Løvenkrands

Me forflyttar oss nok over på det litt meir ukjende her no. Peter er nok kjend for dei fleste, men storebror Tommy fekk også tre sesongar i utlandet, og var i St.Johnston i Skottland frå 2000-2003. Han fekk 71 kampar og scora 8 mål der. Ellers spelte han i AB, Esbjerg og SønderjyskE

Peter kom også frå AB, og har vore i Rangers, Schalke og no Newcastle. Han har så langt 22 landskampar for Danmark.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s