Adeccoligaen er i gong


Hødd sparka i gong årets Adeccoliga mot Bodø/Glimt på Høddvoll, og vann ikkje mindre enn 3-0 over dei gulkledde.

Ein ganske underhaldande kamp, sjølv om tempoet dabba litt av til tider, men det var overraskande bra spel på ei skral vinterherja grasbane.

Hødd gjekk tidleg i leiinga i fyrste omgong, og sikra sigeren med 2-0 i andre omgong.

Og på overtid sette Adama Diomande punktum for ein glimrande dag for heimepublikumet, då han sette eit brassespark i vinkelen frå 4-5 meter.

Diomande si gulldrakt frå siste kampen i fjor.

Hødd vert nok ikkje opprykkfavorittar etter ein kamp, og om noko skal lesast ut frå kampen, er det vel heller at Glimt kanskje har litt å jobbe med framover.

Men at årets scoring i Adeccoligaen allereie kan ha vorte scora, to minutt på overtid, er det ingen tvil om.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s