Onklar, nevøar og syskenbarn


I gata «slektskap og relasjonar i fotballen», her er nokre onklar og nevøar også:

Les Ferdinand er onkelen til Rio og Anton Ferdinand

Dennis Bergkamp er onkelen til Excelsior sin 19-årige spiss Roland Bergkamp

Gary Kelly er onkelen til Ian Harte. Dei spelte saman både på Leeds, og på det irske landslaget.

Tidlegare Norwichspelar Robert Fleck er onkelen til noverande Rangersspelar John Fleck.

Djamel Zidane, onkelen til Zinedine, spelte i to VM for Algerie (1982 og 86) og scora mot Nord Irland i 86.

Blackburnspissen Jason Roberts er nevøen til WBA- og Coventrylegenda Cyrille Regis.

Onkelen til tidlegare HamKamspelar Roman Kienast, Reinhard, spelte 13 landskampar for Austerrike på 80-talet.

Rigobert Song er onkelen til Arsenalspelar Alex Song.

Brødrene Roger og Basile Boli er onklane til noverandre PSG-spelar Yannick Boli.

Liverpoolspelar Daniel Agger er syskenbarnet til Brøndbyspiss Nicolaj Agger.

Og me tek med eit par syskenbarn også:

Sigurd Rushfeldt er syskenbarnet til Lars Bohinen


Lomano og Kazenga LuaLua er søskenbarna til tidlegare Leedsspelar Tresor Kandol (no Albacete) og Plymouthvingen Yannick Bolasie.

Didier Drogba er syskenbarnet til Olivier Tebily. Drogba budde heime med fetteren sin då han fyrst kom til Frankrike og spelde for Levallois i fjerdedivisjon.

Lionel Messi er syskenbarnet til Maxi og Emanuel Biancucchi.

Lee Hendrie er syskenbarnet til den tidlegare skotske Middlesbrough og Bradfordspelaren John Hendrie. I tillegg har Lee ein yngre bror, Stuart Hendrie, som spelar for Morecambe, og ein far Paul Hendrie, som spelte for blant andre Birmingham.

Kamerunske Joseph-Desiré Job er syskenbarnet til dei tyskfødde brørne Marvin og Joel Matip, som spelar Ingolstadt og Schalke i Tyskland.

Den ivorianske landslagsspelaren Kanga Akale, frå Lens, er syskenbarnet til Salomon og Bonaventure Kalou.

No er me langt ute i periferien her, men Slavia Praha-speleran Marek Jarolim er syskenbarnet til dei meir kjende brødrene David og Lukas Jarolim. Lukas spelar også i same klubb som fetteren.

Liverpoolstjerna Steven Gerrard er syskenbarnet til Anthony Gerrard, tidlegare Evertonspelar, som no er lånt ut frå Cardiff til Hull.

Sporting Kansas City-spelaren Craig Rocastle er syskenbarnet til tidlegare Arsenallegende David Rocastle.

Ibrahima Sonko, som er på lån i Portsmouth frå Stoke, er syskenbarnet til Arsenalback Bacary Sagna.

Og den tidlegare franske landslagsforsvararen Franck Silvestre, er syskenbarnet til Mickael Silvestre.

Monaco sin unge keeper Yohann Thuram-Ulien, er syskenbarnet til den franske backlegenda Lilian Thuram.

Og kva med eit par svogerar? 

Fernando Redondo er gift med systra til Santiago Solari.

Eller svigerfedre?

Diego Maradona er svigerfar til Sergio Aguero.

Enno ikkje fått nok?

Det går også eit rykte om at Luka Modric er tremenningen til australske Mark Viduka.

OK. Ein til:

Brasilianaren Ronaldo var gift med Milene Domingues, som har 20 landskampar for kvinnelaget til Brasil. Og ikkje nok med det. I dag er Domingues gift med spanske David Aganzo, som spelar i Rayo Vallecano.

Ai. Denne er så langt ute at den eigentleg ikkje burde vore med, men la gå:

Tidlegare landslagsmann for Canada, Paul Peschisolido, som spelte blant anna i Birmingham, Stoke, WBA, Fulham og Sheffield United, og no er manager i Burton Albion, er gift med Karren Brady, som den gong var styreformann i Birmingham. Ho vart kjent fordi ho vart «managing director» i klubben allereie som 23-åring, og ho har seinare vore visestyreforkvinne i West Ham.

Peschisolido er også fetteren til tidlegare NHL-spelar Mike Ricci, som har over 1200 kampar i NHL, og vann VM-gull med Canada i 1994.

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s