K-League 2011


Den koreanske K-ligaen er straks inne i sin 28ande sesong, og me nyttar høvet til å presentere logoane og litt smårusk frå dei 16 klubbane i årets liga.

Uten at me har inngåande kjennskap til sørkoreansk fotball om dagen, så tek me også med dei spelarane som er aktuelle i landslagssamanheng, pluss dei utanlandske spelarane som kvar klubb har.

Busan I´Park

Stifta i 1983, som eit av dei originale laga i K-ligaen. Den gong heitte dei Daewoo Royals. Spelar kampane sine på Asiad Main Stadion i Busan, og har 53 864 i kapasitet. Laget vart nummer 8 sist sesong, og har fire seriemeisterskap å vise til.

Har ingen spelarar som har vore på det sørkoreanske landslaget den seinare tid. Av utanlandske spelarar har dei forsvararane Iain Fyfe frå Australia og Bas van den Brink frå Nederland, samt angriparane Tassio og Felipe Azevedo frå Brasil.

Tidlegare dei hatt blant andre engelskmennene Chris Marsden (Southampton) og Jamie Cureton (Norwich), i tillegg til brasilianske Somalia, som har ei fortid i Feyenoord. Australske Ahmad Elrich, som var ei periode i Fulham og i Lyn i 2006, har også vore her. Ahn Jung-Hwan starta karrieren sin her i 1998, då dei heite Daewoo Royals.

Ahn Ik-Soo er manager, og tidlegare har namn som skotske Ian Porterfield (2002) og sveitsiske André Egli (2006) trena laget.

Draktene er raud og kvitruta, som i logoen, med svarte shortsar. Bortedraktene er kvite med raude shortsar.

Chunnam Dragons
Stifta i 1995, spelar heimekampane på Gwangyang Stadion, med plass til 14 284. Vart nummer 10 i fjor, og har ein andreplass frå 1997 som beste plassering.

Yon Suk-Young (F), Ji Dong-Won (A) er i landslagsdiskusjonen.

Den brasilianske spissen Indio**, og den colombianske midtbanespelaren Javier Reina (lånt frå Cruzeiro), er dei eksotiske innslaga på laget.

Dei mest kjende spelarane frå tidlegare  er nok den rumenske landslagsmannen Adrian Mihalcea og den tidlegare Newcastle-junioren Richard Offiong.

Manageren heiter Jung Hae-Seong.

**Det er ein del brasilianske spelarar som har teke kallenamnet Indio. Dette namnet kjem i mange tilfelle av at spelaren har indiansk bakgrunn.
Dragons spelar i gule drakter med svarte shortsar, og reservedraktene er rosa med svarte shortsar.

 

Daegu FC
Ein relativt ny klubb, stifta i 2002. Spelar på Deagu Stadion, også kalla Blue Arc. Kapasitet 65 754. Vart nummer 15 sist sesong.

Forsvararen Lee Sang-Duk har vore i landslagstroppen til Sør Korea. Einaste utlending er brasilianske Thiago Quirino (A), som tidlegare har vore innom Djurgården i Sverige. Han vart betegna som ein superflopp i Sverige, og vart kjøpt for 14 millionar og seld for 2,6 to sesongar seinare. Han hadde den gong 8 ungdomslandskampar for Brasil, og fekk 11 seriemål på 53 kampar for Djurgården.

Har hatt fire mindre kjende brasilianarar i stallen tidlegare, Eninho, Indio, Leo og Luizinho, samt tyrkiske Rahim Zafer, som har 10 kampar for Tyrkia.

Lee Young-Jin, med 51 landskampar og 2 mål for Sør Korea er manager.

Daegu spelar blå drakter med kvite pinstriper, og bortedraktene er kvite med blå striper.

Daejeon Citizen
Stifta i 1997, med kallenamnet Purple Crew, og spelar sine heimekampar på Purple Arena, med plass til 41 295 tilskodarar. Dei vart nummer 13 i fjor, og har ein siger i FA-cupen i 2001 som det einaste å vise til.

Den brasilianske spissen Wagner og den kinesiske midbanemannen Bai Zijian er dei to utanlandske innslaga på laget.

Dei har tidlegare hatt ein del brasilianarar innom klubben, men ingen kjende for omverda.

Manager er Wang Sun-Jae, og styreformann er ordføraren i byen.

Til å kalle seg Purple Crew, er heimedraktene kanskje i overkant raude. Shortsane er mørkeblå.

Gangwon FC
Klubben er stifta i desember 2008, og spelte sin fyrste sesong i 2009, som den femtande ligaklubben. Laget vart nummer 13 i sin fyrste sesong, og endte på tolvteplass i fjor.

I følge wikipedia ser det ut som om klubben spelar på tre forskjellige arenaer, der den største av dei er Gangneung Stadion, med plass til 30 000.

Klubben har henta dei to kroatiske spelarane Stipe Lapic (F) og Mateas Delic (A) frå Slaven Belupo i Kroatia, og i tillegg har dei midtbanespelaren Muhamed Dzakmic, som har ein landskamp for Bosnia. Ingen av dei koreanske spelarane er i landslagstroppen for øyeblikket, men Chung Kyung-Ho har tidlegare 41 landskampar for Sør Korea.

I og med at klubben er såpass ny, har dei heller ikkje hatt nokon store namn i troppen tidlegare.

Choi Soon-Ho, med 94 landskampar og 30 mål for Sør Korea, er manager.

Klubben spelar i Blackpoolfargar, oransje drakter med kvite shortser, og bortedraktene er omvendt.

Gwangju FC
Stifta i 2010, og spelar heimekampane sine på Gwangju World Cup Stadion, med plass til 44 118 tilskodarar.

Laget spelar i K-League for fyrste gong i 2011, og vart lag nummer 16 i serien.

Klubben har foreløpig ingen landslagsspelarar, og dei utanlandske stjernene er brasilianarane Vinicius Lopes og Joao Paulo, som begge er angriparar.

Trenar er Choi Man-Hee

* Det er litt ymse kven som er styreformann i dei koreanske klubbane; Gwangju har borgarmesteren sin som formann.

Laget spelar i heilgule drakter, for sesongen levert av spanske JOMA. Bortedraktene er heilkvite.

Gyeongnam FC
Stifta i 2005, og spelar på ein av dei minste stadionane i divisjonen, Changwon Football Center, med plass til berre 15 116 tilskodarar. Enda på sjetteplass i fjor. Har ingen merittar å vise til.

Midtbanemannen Yoon Bit-Garam har vore innom landslaget.

Den australske forsvararen Luke DeVere, den colombianske angriparen Mauricio Mendoza og dei to brasilianske spissane Morato og Lucio, utgjer dei utanlandske bidraga på laget.

Dei har hatt ein del brasilianarar innom tidlegare, men den mest kjende utlendingen er nok japanske Kazuyuki Toda, som også var på lån i Tottenham.

Manager er Choi Jin-Han.

Laget spelar i raude heimedrakter med svarte shortsar. Bortedraktene er heilkvite, med litt innslag av raudt og svart.

Incheon United
Stifta i 2003, og spelar kampane sine på Incheon Munhak Stadion, sørvest for hovudstaden Seoul, med plass til 50 256. Vart nummer 11 i fjor, og har ein andreplass i 2005 som beste plassering i ligaen.
Yoo Byung-Soo (A) har vore innom det sørkoreanske landslaget. I tillegg har dei brasilianarane Diego Giaretta (F) og Fabio Bahia (M) og uzbekistanaren Timur Kapadze (M), som ein av namnet skjønar har georgiske aner.
Av tidlegare spelarar er nok Alpay den mest kjende, men både tidlegare Portsmouthspelar Ognjen Koroman og fjorårets Tromsøspelar Jade North har vore i klubben.
Manager er tidlegare PSV-spelar Huh Jung-Moo.
Incheon spelar i blå og svartstripa drakter, som Inter, medan bortedraktene til klubben er skremmande like heimedraktene Tottenham bruker denne sesongen.

 

Jeju United
Jeju vart stifta i 1982, som Yukong Kokkiri FC, og var ein av dei fem opprinnelege klubbane i K-ligaen. Dei spelar heimekampane sine på Jeju World Cup Stadion, med plass til 35 657 tilskodarar.

Laget vann serien i 1989, og tok i fjor sitt fjerde sølv.

Forsvararen Hong Jeong-Ho er landslagsspelar for Sør Korea, og den brasilianske angrepstrioen Jair, Felipinho og Santos er dei utanlandske innslaga i troppen. Kaptein er den tidlegare landslagsspissen Kim Eun-Jung.
Dei har tidlegare hatt ein del austeuropearar og brasilianarar i troppen, men ingen namn å rope høgt om. Om ein er veldig inne i ting, huskar ein kanskje at Jozsef Somogyi hadde seks landskampar på midtbana til Ungarn, og at Aleksandr Podshivalov fekk ein landskamp i mål for Russland, i vennskapskampen mot Saudi Arabia, 6.oktober 1993, og slapp inn to mål. Ingen?

Den tidlegare landslagsforsvararen Park Kyung-Hoon, med 88 landskampar for Sør Korea er manager for klubben.

Laget spelar i oransje overdelar og svarte shortsar, og bortedraktene er heilkvite med litt oransj krydder.

Jeonbuk Hyundai Motors
Stifta i 1994, som Jeonbuk Dinos. Held til på Jeonju World Cup Stadion, populært kalla Jeonju Castle. Stadion rommar 43 348 tilskodarar.

Laget kom på tredjeplass i serien i fjor, og vann heile driten i 2009.

Angriparen Lee Dong-Gook er landslagsmann.

Brasilianarane Eninho og Luiz Henrique har vore innom fleire K-ligaklubbar, og styrer midtbana for dei grøne. I tillegg har dei den kroatiske angriparen Krunoslav Lovrek, og det kinesiske vidunderbarnet Huang Bowen på midten. Bowen er framleis tidenes yngste målscorar i den kinesiske superligaen, etter målet han scora 16 år og 317 dagar gammal. I dag er han 23.

Dei har tidlegare hatt ein del søramerikanarar i klubben, men den einaste som er nokon lunde kjend er nok tysk-brasilianske Paulo Roberto Rink, som herja for Leverkusen rundt tusenårsskiftet, og fekk tysk statsborgarskap og 13 landskampar for sitt nye heimland.

Trenar er Choi Kang-Hee.

Laget er eigde av Huyndai Motor Company og spelar i signalgrøne drakter, med svarte shortsar. Bortedraktene er heilkvite med innslag av grønt.

 

Pohang Steelers
Stifta som ein amatørklubb allereie tilbake i 1974, og heite den gong POSCO FC. Dei var ein av dei fem originale klubbane i K-League, og sjølv om alle har skifta namn, er Busan I´Park og Jeju United dei to andre som framleis er i toppdivisjonen.

Kom på ein skuffande niandeplass sist sesong, men har fire ligatitlar (86, 88, 92 og 07) og er det einaste laget som har vunne det asiatiske Champions League 3 gonger (97, 98 og 09)

Kim Hyung-Il (F), Kim Jae-Sung (M) og Shin Hyung-Min (M) er alle i landslagsdiskusjonen per dags dato.
Har tre utanlandske angriparar i stallen, brasilianarane Mota (ikkje han i Molde) og Adriano Chuva, og den ghanesiske vingen Derek Asamoah, kjend frå lavare divisjonar i England.

Har hatt mange utanlandske innslag opp gjennom åra, den mest kjende er nok Rade Bogdanovic, som spelte ein del både i Atletico Madrid og Werder Bremen rundt tusenårsskiftet.

Den tidlegare storscoraren Hwang Sun-Hong er manager. Han hadde 50 mål på 103 kampar for det sørkoreanske landslaget.

Laget spelar i raude og svartstripa drakter, i såkalla «hoops», dvs horisontalstripa drakter, som Celtic og QPR. Shortsane er svarte, og bortedraktene er kvite med ei brei lyseblå stripe over brystet, og lyseblå shortsar.

Sangju Sangmu Phoenix
Stifta i 1984, spelar heimekampane på Sangju Stadion (20 000). Dei enda som nummer 14 i fjor og har ingen vidare merittar å vise til.

Laget har ein del landslagsspelarar i troppen; forsvararen Choi Hyo-Jin og midtbanespelarane Kim Chi-Woo og Kim Jung-Woo.
Dette er laget til den sørkoreanske hæren (ikkje ulikt CSKA i Moskva og Sofia) og forsvarsministeriet er inne på eigarsida. Derfor er det litt spesielle forhold rundt spelarane til klubben. Dei har berre sørkoreanske spelarar i stallen, og spelarane høyrer eigentleg til dei andre klubbane i ligaen. Alle spelarane må utføre verneplikta si i to år, og i disse to åra er altså spelarane under kontrakt med Sangju Sangmu Phoenix. Dei tek inn 15 nye spelarar kvar sesong, og etter at dei to åra har gått, returnerer spelarane til sin eigentlege klubb.

Dette fører jo igjen til at laget består i hovudsak av spelarar i starten av 20-åra, som manglar rutine og erfaring, og dette speglar seg igjen i at klubben historisk sett ikkje har noko å vise til.

Laget heldt til i Gwangju, under namnet Gwangju Sangmu Bulsajo mellom 2003 og 2010, men etter at Gwangju FC kom inn i ligaen i år, flytta laget til Sangju, som ligg omtrent midt i landet, og endra namn før denne sesongen.

Lee Soo-Chul er manager og ein kommandør frå forsvaret er styreformann.

Laget spelar i raude og kvitstripa drakter med svarte shortsar og strømper, og bortedraktene er kvite med lyseraude shortsar.

Seongnam Ilhwa Chunma
Grunnlagt i 1989, og spelar kampane sine på Tancheon Sports Complex, i Seongnam, nær Seoul. Vart nummer fire i 2010.

Har 7 ligameisterskap, det seinaste i 2006, og dei vann den asiatiske Champions League for andre gong i 2010. Med andre ord ein av dei mest meritterte klubbane i Sør Korea.

Forsvararen Hong Chul har vore innom landslaget. Av utanlandske spelarar har dei kapteinen Sasa Ognenovski, med 8 landskampar for Australia i 2010 og spissen Dzenan Radoncic frå Montenegro.

Tidlegare har dei hatt blant anna Juan Carlos Arce, landslagsmann frå Bolivia, og Moldova sin landslangsspelar Ion Testimitanu i stallen.

Shin Tae-Young er manager.

Laget spelar i gule drakter og svarte shortsar.

FC Seoul

Regjerande mester, frå hovudstaden. Stifta i 1983, under namnet Lucky Goldstar Hwangso FC, og kom inn i ligaen i den andre sesongen, i 1984. Har etter den gong vunnde meisterskapen fire gonger.

Spelar heimekampane sine på Seoul World Cup Stadion, som har ein kapasitet på 68 476.

Har dei koreanske landslagsspelarane Kim Yong-Dae (K), Kim Dong-Jin (F) og Lee Seung-Yeoul (A) i troppen. Dei utanlandske spelarane er den brasilianske forsvararen Adilson, midtbaneduoen Server Djeparov frå Uzbekistan og Mauricio Molina frå Colombia, samt angriparen Dejan Damjanovic frå Montenegro.

Av dei tidlegare utanlandske spelarane er nederlandske Kiki Musampa og Wolfsburg sin brasilianske superspiss Grafite dei mest kjende. Tidlegare PSV- og Tottenhamspelar Lee Young-Pyo kom også herfrå, då klubben heitte Anyang LG Cheetas. Det same gjorde Boltonspelar Lee Chung-Yong, Monacospelar Park Chu-Young og Celticspelar Ki Sung-Yueng.

Manager er Hwangbo Kwan, som spelte for Sør-Korea under VM i Italia i 1990.

Laget er eigd av GS Sports, i GS-gruppa, som tidlegare vart skilde ut frå LG-konsernet, som eigde laget i byrjinga. (Sjå eigen artikkel om LG)

Seoul spelar i svart og raudstripa drakter med svarte shortsar, og bortedraktene er kvite med ei svart og raud skråstripe.

Suwon Samsung Bluewings

Stifta i 1995, og spelar på Big Bird Suwon, i Gyeonggi litt sør for Seoul, med ein kapasitet på 43 288. Dei enda på sjuande plass sist sesong. Har vunne fire titlar, den fyrste allereie i 1998, den siste i 2008. Ein av dei meir meritterte klubbane i Sør Korea.

Av koreanske landslagsspelarar er Jung Sung-Ryong (K), Oh Beom-Seok (F), Hwang Jae-Won (F), Lee Yong-Rae (M), Choi Sung-Kuk (M), Baek Ji-Hoon (M) og Yeom Ki-Hun (M) alle i troppen til Bluewings.

Forsvararen Mato Neretljak frå Kroatia, og dei brasilianske spissane Wando og Bergson er dei internasjonale innslaga.

Tidlegare spelarar inkluderer dei rumenske landslagsspelarane Constantin Barbu og Pavel Badea, kinesiske Li Weifeng, som har ein ligakamp for Everton, Schalke sin brasilianske spiss Edu, og sist sesong hadde dei Molde sin brasilianar José Mota på lån.

Manager er Yoon Sung-Hyo, og laget er eigd av Samsung.

Heimedraktene er heilblå, medan bortedraktene er heilt kvite.

Ulsan Hyundai


Stifta i 1983, som Hyundai Horangi FC, og spelar kampane sine på Big Crown, i Ulsan. Kapasiteten er 44 466. Klubben vart meister i 1996 og 2005.
Kim Young-Kwang (K), Kang Min-Soo (F), Kwak Tae-Hwi (F), Kim Shin-Wook (A) har vore innom det sørkoreanske landslaget.
Midtbanespelaren Juan Estiven Velez frå Colombia er einaste utlending på laget, som endte på femteplass i fjor.
Har hatt ein del utlendingar, fleire brasilianarar, men ingen verdt å nemne.
Eigarar her er Hyundai Heavy Industries, og manager er Kim Ho-Gon.
Heimedraktene er heilblå, medan bortedraktene er heilkvite.

 



 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s