Utanlandsproffane #4 – Grindheim 2009/10


For dei fleste store lag rundt om i verda, så er det slik at dei offisielle spelardraktene skil seg ein del frå dei draktene som supporterane kan kjøpe i butikken. Derfor skil ein ofte mellom drakter som er match worn, dvs brukte i kamp, og match issued, dvs utstedt til spelarane, men kanskje ikkje brukte i kampen.

Nokre gonger kan dette vere reservedrakter som ein har liggande i garderoba i back up, eller det kan vere at ikkje alle draktene ein får kvar sesong vert brukte. Uansett går disse match issue-draktene for ein god del meir enn vanlege supporterdrakter blant samlarar.

Denne drakta er ei offisiell kampdrakt, det vil seie at dei skil seg frå supporterdraktene ein får kjøpt i butikken, som er utstedt til Christian Grindheim, men det er usikkert om den faktisk har vorte brukt.

Drakta er frå forrige sesong og vart signert av Grindheim og gitt til den offisielle nederlandske støtteauksjonen for Haiti-ofra. Dei auksjonerte vekk eit fleirtal drakter frå den nederlandske Æresdivisjonen, blant andre drakta til Grindheim.

Det er ikkje namn på ryggen på disse draktene, men den har, som ein ser, Grindheim sitt nummer 17 på ryggen.

Tidlegare drakter:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s