Utanlandsproffane #3 – R. Berg 1999/2000


Dette var den aller fyrste draktene i samlinga, som er brukt av ein av utanlandsproffane.

Den er brukt av Runar Berg i sesongen 1999/2000, då han spelte for italienske Venezia.

I serien fekk han 30 kampar og scora to mål.

Drakta kom frå ein samlar som selde heile samlinga si, og som ved ein del andre anledningar, så er det då ofte mulegheit for å gjere eit kupp på draktene til norske spelarar. Som regel går samlarar etter dei aller største namna, og prisane på dei draktene fyk fort i veret. Litt meir anonyme nordmenn vert ofte ikkje lagt merke til, og då kan ein skaffe seg draktene til ein god pris.

De er uvisst kva kamp akkurat denne drakta er brukt i. Laget spelte i denne drakta både i 1-0 sigeren over Milan 18.mars 2000, og då Runar scora sitt fyrste mål, mot Torino 30.januar, men i begge disse kampane spela Runar i langerma drakt.

Sannsynlegvis er den frå ein kamp på tampen av 99/2000-sesongen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s