Zoran Lukic


Kom over ei interessant historie på svensk TV for litt sidan. Bosniaren Lukic har tre landskampar for Jugoslavia og var med i VM i Spania i 1982. Han spelte for FK Sarajevo i heimlandet og blant anna Admira Wacker i Austerrike, før han kom til Sverige. Der trente han Djurgården til opprykk, sølv og fleire cupgull. Seinare trente han Örgryte og Qviding, før han gjorde comeback i Djurgården.

Men så slutta han berre plutseleg, og valde å trene Gutte97-laget til Lidingö i staden for.

I følge dokumentaren meinte han no at dette var røttene til fotballen som han ville tilbake til, og at han føler han kan bidra med meir for dei unge enn han kan i Allsvenskan.

Kanskje ikkje det største som har skjedd i fotballen i 2010, men like fullt interessant. Det er som om Per Mathias Høgmo plutseleg skulle trekke seg for å trene 13-åringane til Bossekop IL.

Her er ein link

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s