Minneverdige spelarnamn #1


1. Kaj Ramsteijn, Excelsior Rotterdam
Nederlendaren med det tyske rockenamnet debuterte som midtstoppar for Excelsior i kampen mot WKE Emmen 22.september 2010. 20 åringen frå Zoetermeer var tidlegare i stallen til Feyenoord, men fekk aldri spele der.
Hans fyrste kamp frå start i Eresdivise var mot Ajax 24.oktober, og han scora sitt fyrste mål mot Willem II sist helg. Kun ei sein utlikning eit minutt før full tid gjorde at han ikkje vart matchvinnar i 1-1-kampen. 
2. Angel Rangel, Swansea
Ein skulle tru det var eit tøysenamn, men spanjolen Angel Rangel Zaragoza heiter faktisk det, og sjølv om han som spelar kuttar ut sistenamnet, så høyres det framleis ut som tull.
Han hadde berre erfaring frå lavare divisjonar i Spania då han vart henta til Swansea i 2007 av Roberto Martinez. Der her han gjort høgrebackplassen til sin eigen, og imponerer stadig fansen med sin offensive spelestil. Han var også på årets lag i League One i 2007/08-sesongen.
3. Claudio Pitbull, Vitoria Setubal
Pitbull er ein brasiliansk angripar som kom til Porto i 2005, men som sidan har vore på utlån andre stader enn i Europa, så han har aldri vorte eit veldig kjent namn her. No er han imidlertid seld til Vitoria Setubal, og scora nyleg sitt fyrste mål for klubben etter overgongen. (Han scora 7 på lån i same klubb i 07/08-sesongen.
4. Gum, Fluminense
Gum heiter eigentleg Wellington Pereira Rodrigues, men dei tre namna var såpass vanlege at han har vald å ta det amerikanske namnet for tyggis i staden for.
5. Hulk, Porto
Den brasilianske spissen Givanildo Vieira de Souza har vakt mykje interesse blant europeiske klubbar dei siste sesongane, men er framleis å finne i Porto. Har ei fortid i japansk fotball, men har sidan 2008 imponert i Portugal.
Som namnet antyder, så er han både stor og sterk, men det heiter seg at han ikkje vert kalla Hulk av den grunn, men rett og slett fordi han lignar sånn på Lou Ferrigno, som spelte Hulken. Ferrigno spelar no seg sjølv i Kongen av Queens.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s