Fotballskjebner #1: Lars Elstrup


Danske Lars Elstrup vart kjend for nordmenn flest den gongen han var i Luton, men i ettertid er det kanskje andre ting enn karrieren hans me huskar han for.

Elstrup starta karriera si i Randers, og vart etter kvart plukka opp av Brøndby. Etter berre 7 seriekampar der, forsvann han til Feyenoord for to sesongar, før han returnerte til Danmark og OB Odense. 14 mål på 16 kampar i den fyrste sesongen var nok til at Sepp Piontek tok han med i landslagstroppen sin.

Året etter, i 1989 gjekk han til Luton, og hadde stor suksess der i to sesongar, og var med 18 mål veldig sentral då Luton berga plassen på øvste nivå i 1990/91. Men likevel returnerte han til OB for 2 millionar i 1991, omlag 6,5 millionar mindre enn Luton hadde kjøpt han før to år tidlegare. Og Luton rykka umiddelbart ned. I OB spela han to nye sesongar, og han var med på det danske laget som overraskande vann EM i 1992, før han la opp året etter. Og det er her historia om Lars Elstrup vert interessant.

Han uttala at han meinte at det livet han levde som spelar på toppnivå var eit liv etter andre sine forventningar, og han no skulle leve for sin eigen del. Han melde seg dermed inn i sekta Sangha, som var del av noko som heiter Wild Goose Company, og endra namn til Darando – «Elva som renner.» Men kort tid etterpå starta han si eiga sekt; «Solens Hjerte.» Han budde saman med sekta fram til 1999, då han vart arrestert for uanstendig oppførsel. Han hadde då gått rundt naken med berre eit tau rundt livet og skremt nokre ungar i nabolaget.

Seinare har Elstrup fortalt at i denne perioda var suicidal, og berre låg i ei seng i rundt to år, men samstundes at han hadde gått naken for å provosere folk og for å sjå korleis folk reagerte. Nokre reagerte med sinne, medan andre reagerte på det som eit tilbod om sex. Folk reagerte ofte med avsky, men Elstrup fann ei slags tilfredsstilling i at folk kjende han igjen som fotballspelaren Lars Elstrup.

I ei periode prøvde han, naken, å tjene pengar på gata, og tente 27 danske kroner. Etter at han forlot sekta endra han namnet tilbake til Lars Elstrup, og i januar 2000 fekk han tilbod om å gjere comeback for OB. Men han forlot klubben etter berre ei veke, fordi han ikkje fekk garanti om fast plass på laget. Seinare same år var han i media for foreløpig siste gong, då han vart arrestert for eit rasistisk angrep, og arrestasjonen vart avbilda på framsida av sportsider verda over.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s