Drakter 2011: Brann


Brann si heimedrakt for den komande sesongen. Kappa er framleis produsenten, men drakta har eit lite snev av retro over seg, i forhold til tidlegare utgaver. Spesielt den breie kvite kragen minner om ei drakt frå ein gong for lenge, lenge sidan.

Sparebanken Vest er hovudsponsor, medan JM Byggholt, BKK og AXA også er på trøya.

Tettsitjande drakter har lenge vore ein forbannelse for fansen. Det er ikkje berre i Bergen dei trange draktene ser forferdelege ut på tilhengarar som ikkje alltid er like veltrena som sine idol. Både i Italia og i Tottenham tok produsenten dette til etterretning, og ein fann etter kvart draktstørrelsar med veldig  mange X-ar framfor L´en. I tillegg fins det også kappamodellar som ikkje er like tettsitjande.

Årets bortedrakter er svarte, med ei raud arm, noko som minner litt om ei gammal Stabækdrakt med grøn arm.

Den er vel ikkje revolusjonerande ulik tidlegare bortedrakter me har sett i Bergen.

Reklame

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s