Å leve opp til namnet sitt


Ei rekke spelarar er meir eller mindre som legender å rekne. Pele, George Best, Johan Cruyff, Diego Maradona, Zbigniew Boniek, Eusebio, Ferenc Puskas og så vidare.

No og då dukkar namna til mange av disse opp i nyare lagoppstillingar, og ofte er den ein son som går i faren sine fotsport. Men av og til er det berre ein eller annan fyr som heiter det same. Og så godt som aldri greier vedkomande å leve opp til namnet, sjølv om det garantert vert nemnt i lokalaviser, på puben eller i garderoba. 
Som eit eksperiment, presenterer me her ei rekke spelarar frå yngres avdeling rundt om i dei store ligaane, og ser om ein av dei kan leve opp til namnet til sin meir kjende namnebror. Kan dei på sikt verte den spelaren som er kjent for dette namnet? 
Kom gjerne med bidrag til lista.
Her er eit tidleg utval:

Leon Best, engelsk spiss, Newcastle – George Best (Nord Irland)
Pele van Anholt, nederlandsk midtbane, Heerenveen – Pele (Brasil)

Paudie Quinn, irsk midtbane, Fulham – Niall Quinn (Irland)

Kerim Frei, sveitsisk midtbane, Fulham – Sebastian Frei (Sveits)
Callum McManaman, engelsk spiss, Wigan – Steve McManaman (England)

James Yeboah, engelsk forsvarar, Tottenham – Anthony Yeboah (Ghana)
Toni Vastic, austerriksk angripar, Blackburn – Ivica Vastic (Austerrike)
Joshua Vela, engelsk midtbane, Bolton – Carlos Vela (Mexico)
Jack Barmby, engelsk midtbane, Manchester United – Nick Barmby (England)
Matthew Saunders, engelsk midtbane, Fulham – Dean Saunders (Wales)
Callum Webb, irsk midtbane, Arsenal – Neil Webb (England)

* Nokon gongar hender det jo også at spelarane er oppkalla etter idola til fedrene. Dennis Bergkamp er oppkalla etter Denis Law, men heiter likevel Dennis med to n`ar fordi nederlandske myndigheiter ikkje lot foreldra kalle han Denis med ein n, fordi det ligna for mykje på Denise, som er eit jentenamn. 
Brasilianaren Müller tok kunstnarnamnet sitt etter den tyske legenda Gerd Müller, og Pelé van Anholt er ganske sikkert oppkalla etter sin brasilianske namnebror. 

2 comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s