Framtida # 4 – Mario Götze


Borussia Dortmunds nye juvel

Den tyske ungguten Mario Götze vert av sin sportsdirektør Mathias Sammer beskreven som «det største talentet han nokon gong har sett.» Saman med sine unge kolleger i årets store overraskelseslag i Bundesliga, har han teke tysk fotball med storm. Borussia Dortmund leiar serien soleklart i vinterpausa, og saman med unggutar som Nuri Sahin, Mats Hummels, Neven Subotic, Robert Lewandowski, Kevin Grosskreutz, Svend Bender og Shinji Kagawa har Götze sjokkert dei meir etablerte laga.

Götze har vore i klubben sidan han var 8 år, og debuterte 21.november 2009, då han fekk eit par minutt på slutten av 0-0 kampen borte mot Mainz. Han var då 17 år gammal.

Denne sesongen har han storspelt på midtbana saman med Kagawa og Sahin, og vart beløna med ein plass på landslaget i kampen mot Sverige 17.november i fjor. Mindre enn eit år etter at han debuterte på seniornivå. Han kom inn etter 78 minutt i kampen som endte 0-0, og erstatta ein annan Dortmund-debutant, Kevin Grosskreutz.

Som resten av dei unge lagkameratane sine, har også Götze vorte linka til det som er av storklubbar i haust, og interessa vil nok ikkje avta utover nyåret. Men enn så lenge er det å sikre Bundesligagullet som er fyrsteprioritet for 18-åringen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s