Framtida # 3 – Ben Greenhalgh


Dette er eit ukjent navn for dei fleste, både dei som er interesserte i fotball og ivrige spelarar av FM.

Sist sesong kom ungguten på bana i ein kamp for Welling United, som innbyttar. I år er han i ungdomssystemet til Inter i Milano. Han spelar på den sentrale midtbana, og vert omtala som ein offensiv spelar.

Greenhalgh var i vinter med i det britiske TV-programmet «Football’s next star», der fyrstepremien var ungdomskontrakt med Inter.

I kamp med 10 andre finalistar, var han den som til slutt trakk det lengste strået, sjølv om han var sistemann som på nippet kom med blant dei tre siste.

Han som vart nummer 3, kjem i vinter til Valhall for å vere med på den store Bosmanturneringa der.

Greenhalgh, som fekk mykje fokus fordi han var personleg kristen, har tidlegare vore stand in for idolet sitt Cristiano Ronaldo i ein reklamefilm.

Det har versert ein del rykter om at han allereie er droppa frå den 6-måneders lange kontrakta med Inter, sidan han ikkje har stått oppført i stallen til dei blåsvarte. Men grunnen til dette var ein avtale med Sky, som sende programmet, for ikkje å avsløre vinnaren.

Tidlegare talent:
#1: Nathaniel Clyne
#2: Connor Wickham

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s