Alexander Mathisens nye klubb?


Det ryktast i avisene at Aalesunds Alexander Mathisen no kan vere på veg til SK Lierse, gamleklubben til Jostein Flo, Kjetil Rekdal og Mini Jakobsen.

Klubben er nettopp tilbake på øverste nivå, etter å ha vunne andredivisjon i fjor. Eric van Meir er manager, og stallen inneheld fleire kjende namn.

Tidlegare Oddspelar Peter Kovacs er jo som kjent i stallen, i tillegg til den belgiske landslagsspissen Wesley Sonck, som kom frå Genk i august, og kapteinen er den tidlegare belgiske landslagsspelaren Jurgen Cavens.

I tillegg finn me gamle kjende, som tidlegare Everton- og Fulhamspiss, canadiske Tomasz Radzinski, og den tidlegare Lyon, Lens og Middlesbroughstjerna Joseph-Desire Job og tidlegare Sporting Lisboaspiss Rudolphe Douala. Dei to sistnemnde frå Kamerun. Nokon hugsar kanskje også sørafrikanske Lance Davids frå hans tre sesongar i Djurgården, mellom 2006 og 2008.

Som dei fleste andre belgiske lag er også Lierse eit ekstremt internasjonalt lag. Dei har no ein egyptisk eigar, og dermed ein del egyptarar i stallen. Mohamed El-Gabbas og Mohamed Abdel Wahed er i klubben no, medan Youssef Fawaz og Hamada Sayed Lamlom er utlånt til samarbeidsklubben Turnhout, som også har same eigar…

I tillegg finn me den japanske keeperen Eiji Kawashima, den brasilianske forsvararen Bruno Camacho, marokkanaren Youssef Sekour, ghanesaren Akwetey Mensah, serbiske Vladan Kujovic, sørafrikanarane Daylon Claasen og Siboniso Gaxa (sistnemnde var i Sør Afrika sin VM-tropp i sommar, saman med Davids), makedonske Nderim Nedzipi, angolanske Gilberto, nederlendaren Roel van Hemert, franskmennene Benjamin Nicaise og Julien Tournut, og thailandske Teeratep Winothai, som no er utlånt til heimlandet.

Og det einaste dei manglar, er ein nordmann frå Oslo, via Ålesund.

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s