Norges 16 beste målvakter


Tippeligaen skal også neste sesong innehalde 16 lag, og mange av oss håper dette vert malen også framover. Samtidig ønsker landslaget sin keepertrenar at det var fleire norske keeperar som hevdar seg på toppnivå. Keeperplassen er kanskje den plassen der Tippeligaen hevdar seg best, men dei fleste av dei beste er ikkje norske. Anders Lindegaard, Marcus Sahlman, Daniel Örlund, Lars Hirschfeld og Arni Gautur Arason, og mange fleire. I eit periode hadde jo Tromsø kanskje landets tre beste keeperar, i bosniaren Sead Ramovic, canadiaren Kenny Stamatopolous og svensken Marcus Sahlman.
Men står det verkeleg så dårleg til med dei norske keeperane? Og om kvart lag i Tippeligaen måtte stille med ein norsk keeper, ville det vere nok keeperar til alle?
Her er vår kåring av dei 16 beste norske keeperane.

16. Lars Ivar Moldskred, klubblaus

Moldskred er nok heilt i grenseland for å legge opp no, etter at han står utan kontrakt etter at sesongen på Island er ferdig. Var i si tid ein av dei mest lovande keeperane i Norge, og sjølv om kvaliteten har variert litt, har han på det beste vore ein av landets mest reaksjonssterke keeperar.
15. Dag Ole Thomassen, Odd Grenland
Skulle verte den nye storkeeperen frå Skien, etter Almenning Jarstein, men har ikkje heilt slått til endå. Stod godt for Pors, før han vart henta til Odd, men står berre med 5 kampar, som reserve for Arason. No forsvinn Arason ut etter sesongen, men plutseleg har kometen Andreas Lie kome inn og det spørs om han nok tek fyrsteplassen mellom stengene.
14. Iven Austbø, Stabæk
Fekk ein del kampar for Viking, før han mista plassen til Thomas Myhre. Gjekk til Stabæk for å erstatte Jon Knudsen, men sistnemnde har holdt fast ved førstekeeperplassen, og i tillegg spelt seg inn på landslaget. 5-millionerskjøpet på 1,90 burde nok kome seg til ein annan klubb for å meir speletid.

13. Jan Kjell Larsen, Molde
Eit av dei største talenta i nyare tid, men etter overgongen frå Haugesund til Molde har ting gått litt trått. Litt for varierande spel, men han har åpenbart mykje fotball i seg. Etter at Bugge Pettersen kom til Molde, vert det nok begrensa speletid, og ingen vert bedre av å sitje på benken.

12. Magnus Hjulstad, Sarpsborg

Hjulstad stod i si tid for G16-landslaget, og har bakgrunn fra Vålerenga, Godset og FFK, før han i desember i fjor kom til Sarpsborg, som no er ein kamp frå Tippeligaspel. Og den solide keeperen har skal ha ein stor del av æra for det.
11. Thomas Myhre, Kongsvinger
Vår tidlegare landslagskeeper har vore forfulgt av negativ omtale den seinare tid, men har vist gong på gong at han kan riste av seg både utanomsportslege ting og tabber på bana. Har hatt ein god sesong for Kongsvinger, til han no vart skada på tampen av sesongen. Hadde han vore litt lettare i kroppen, ville han vore lenger oppe på denne lista
10. Joacim Lund Heier, Sandefjord
Magnus Hjulstad erstatta Lund Heier i Sarpsborgburet, då sistnemnde for til Sandefjord. Det låg i korta at han etter kvart skulle ta over etter Bugge Pettersen, og etter at  Pettersen gjekk til Molde, har Heier stått bra for Sandefjord. Sjølv om det vart nedrykk, kan ein ikkje skulde på keeperen i dette tilfellet.
9. Yngve Sandbuløkken, NIL-Trysil
Har stått meir eller mindre som ein vegg for Nybergsund-Trysil (ein vegg som har slept inn rundt 40 mål, vel og merke), etter at han før denne sesongen tok seg sjølv i nakken og la om trening og kosthold. Sjølv om sesongen har vore litt ymse for NIL-Trysil, så har Sandbuløkken vore god. Hadde han vore 5-6 år yngre, så hadde han nok vore veldig attraktiv for større klubbar etter denne sesongen.

8. Thomas Solvoll, Hønefoss
Etter litt fram og tilbake i starten av sesongen, så er det Solvoll som til slutt har fått tilliten i Hønefoss, og han har gjort sine saker bra. I fleire kampar er han den som har berga, eller begrensa tapet for klubben sin. Har mykje rutine, men kunne med hell vore litt kjappare. Er no berre eit par kvalikkampar frå ein ny sesong i Tippeligaen.

7. Andreas Lie, Odd Grenland
Etter eit litt merkeleg overgongseventyr frå Aalesund til Nybergsund, enda Lie til slutt i Odd, som reserve for Arason, saman med Dag Ole Thomassen. Og når islendingen måtte ut, var det Lie som trakk det lengste strået. Og på dei fem kampane han har fått hittil, har han holdt nullen både mot Kongsvinger og Stabæk. Definitivt ein mann for framtida, så framt han får speletid. Var sjanselaus i Aalesund, sjølv om han fekk 14 kampar der i 2008. No forsvinn Arason frå Odd, og då kan det endeleg vere duka for fyrstelagsspel.

6. Håkon Opdal, Brann
Opdal såg lenge ut til å verte fyrstevalget på landslaget, men etter ei rekke svake prestasjonar, er han no ute i kulda. Har vel alltid hatt litt problem med kjappheit og reaksjon, og er ein av dei keeperane i Tippeligaen ein oftast ser vert lurt av motstandaren, men er på sitt beste ein veldig god keeper, det er det ingen tvil om. Men alderen er heller ikkje på lag med Opdal, og vegen tilbake til landslaget er nok for lang, utan at det har utkrystallisert seg andre klare kandidatar.

5. Kenneth Høie, Start
Var eit wonderchild i alt for mange år, men fyrst dei siste sesongane har han verkeleg begynt å leve opp til forventningane. Spelte Tippeligafotball for Haugesund allereie i 2000, og gjekk deretter til Bryne, der han kjempa om ein fyrstelagsplass med Roger Eskeland. Fyrst i 2007 løsna det, og sidan det har han spelt bra for Start. Denne sesongen har kanskje vore den aller beste, med ein 10-ar på børsen.

4. Espen Bugge Pettersen, Molde
Hadde ein kjempekarriere i Sandefjord, og etter overgongen til Molde ser ting no ut til å kome på rett kjøl igjen. Er i landslagsdiskusjonen, men som dei andre kandidatane, har også Pettersen sine begrensingar som gjer at han kanskje ikkje held mål på eit internasjonalt nivå. Som så mange andre av dei norske kandidatane føles han litt tung og treig i feltet. Men han er utvilsomt i toppsjiktet blandt dei norske.

3. Rune Almenning Jarstein, Viking
I mange år har det vore skrive i stein at Jarstein skal verte vår nye Thorstvedt, og den lovande keeperen har kvalitetar som få andre i landet kan vise til. Han har rekkevidda, eksplosiviteten og kjappheita som trengs. Svakheita er det mentale, og at han ofte gjer merkelege ting som ingen kan forklare. Ein føler seg heller ikkje heilt trygg når ballen kjem for nær, og tilbakespel ser me helst at me unngår. Men vert han bedre til å bruke hovudet, er han enkelt Norges aller beste keeper.
2. Jon Knudsen, Stabæk
Fyrstevalg på landslaget pr dags dato, men det er jamnt rundt dei beste. Det beste med Knudsen er stabiliteten, og det at han, før denne sesongen, nesten aldri gjorde nokon avgjerande tabber. Denne sesongen har prestasjonane svinga litt meir enn vanleg, kanskje fordi klubblaget har vore litt nede i ein bølgedal. Men framleis solid, men manglar kanskje det vesle ekstra for å verte ein internasjonal toppkeeper.

1. Per Morten Kristiansen, Haugesund

Eit utradisjonelt valg, men med årets sesong i mente er han vårt soleklare fyrstevalg. Han er kanskje ikkje den beste på hverken hurtigheit, reaksjon eller rekkevidde, men i snitt synes me han er den beste, og den som har færrast svakheiter.

*Nokon saknar kanskje Godsetkeeper Adam Larsen Kwarasey på denne lista, men sida han noser ut til å være aktuell for Ghana, valde me å ikkje ta ham med.

4 comments

  1. sandubløkken er jo elendig, hvordan kan han være på denne lista, har sett han flere ganger. thomas myhre er da mye bedre enn han, pluss olav dalen og tobias holmen johansen.
    lars stubhaug er også bedre.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s