Barndomsheltane – Paolo Rossi


Det var under VM i Spania i 1982 at Paolo Rossi vart den aller største helten. Det var mange om beinet. Italia hadde Tardelli, Conti og Altobelli. Og Dino Zoff. England hadde ein ung Bryan Robson, Frankrike hadde Platini, Tigana, Tresor og Rocheteau med det store håret. Tyskland hadde gutta frå Køln, Klaus Fischer og Pierre Littbarski, og gamlefar sjølv, Rummenigge, som scora i ekstraomgangane mot Frankrike. Og polakkane hadde Lato, Smolarek og kanskje VMs nest største profil, Zbigniew Boniek.

VM 1982

Men som sagt, nummer 20 på Italia; Paolo Rossi var større enn alle desse til saman. Etter ei begredelig innleiing, der Italia hangla gjennom gruppespelet, med 0-0 mot Polen, 1-1 mot Peru og 1-1 mot Kamerun, og berre gjekk vidare fordi dei hadde scora eit mål meir enn Kamerun, byrja ting å ta seg opp i mellomspelet. Fyrst vart det 2-1 over Argentina, etter mål frå Tardelli og Cabrini, og Rossi, som hadde vorte bytta ut i pausa mot Peru, vart igjen teken av før full tid. Så tapte Argentina for Brasil, og det var klart for rein gruppefinale 5.juli, mellom dei blå og dei gule. Vinnaren skulle møte Polen i semifinalen. Taparen skulle heim. Og i ein kamp der dei fleste holdt Brasil som klare favorittar, med spelarar som Zico, Socrates, Eder og Falcao, og den smått legendariske Tele Santana i trenarstolen, fekk endeleg Italia vist kva dei sat inne med. Og det var mykje takka vere ein mann. Rossi vakna til liv.

Allereie etter 5 minutt var han frampå og heada Italia i føringa, etter ei pasning frå Cabrini. Så balanserte legen Socrates regnskapet. Etter 25 minutt ga han dei azurblå 2-1, etter ei håplaus tversoverpasning i det brasilianske forsvaret, men etter pause var Falcao frampå og utligna igjen. (Det jublande ansiktsuttrykket til Falcao etter det målet vart i dette mesterskapet berre overgått av Tardelli sitt hyl då han scora i finalen.) Så, berre 6 minutt seinare, var Rossi framme på ein corner, og får styrt ballen i mål. 3-2, og semifinale.

Der vart det 2-0 over Polen, begge mål av Rossi. Boniek, som hadde scora hattrick i mellomspelet mot Belgia, og lagkameratane var sjanselause, men dei reiste seg seinare og slo eit sterkt Frankrike i bronsefinalen.

I den smått legendariske VM-finalen på Santiago Bernabeu i Madrid, stod det 0-0 til pause, før Rossi var frampå og ga sitt lag leiinga etter 57 minutt. Deretter auka Tardelli og Altobelli, før Paul Breitner fekk eit trøstemål for Vest-Tyskland.

Rossi vart toppscorar (Golden Boot) med 6 mål, han vart kåra til VM sin beste spelar (Golden Ball), og vann tittelen. Dette er det berre Mario Kempes tre år tidlegar som har greidd. (Javier Saviola, Lionel Messi, Sergio Aguero og Dominic Adiyah har greidd det på junionivå, i 2001, 2005, 2007 og 2009)

Legenda var fødd, og namnet til Rossi vil stå i historiebøkene for evig tid.

Dei fyrste åra

Paolo Rossi var i Juventus som ung, men vart sendt til Como i 1976 for å få erfaring. Då hadde han allereie hatt tre kneoperasjonar, og leiinga i Torino meinte han var i minste laget for å slå gjennom på toppnivå. I Como fekk han seks kampar på høgrevingen, uten vidare suksess. Men så vart han henta til Vicenza, der trenaren vart tvungen til å flytte han fram som spiss, pga skader. Her slo han umiddelbart til, og vart toppscorar i Serie B i sin fyrste sesong. Sesongen etter vart det opprykk, og i sin fyrste sesong i Serie A scora han 24 mål, noko som gjorde han til den fyrste spelaren nokon gong til å verte toppscorar i Serie B og Serie A i to etterfølgande sesongar. Han vart teken med i VM-troppen til Italia i 1978, og storspelte saman med Causio og Bettega, då alle tre kunne spele i alle dei offensive posisjonane. I det mesterskapet vart det tre mål og fire målgivande for Rossi, i eit mesterskap der Italia vart nummer fire

Rossi var på den tida sameigd mellom Juventus og Vicenza, og sistnevnte kjøpte han laus for 2,612 millionar lire, noko som gjorde han til den dyraste italienske fotballspelaren nokon gong då. Han scora 60 mål på 94 kampar for Vicenza, så dei meinte han var verdt kvar lire. Men suksessen tok slutt, og Vicenza rykka ned allereie sesongen etterpå, og Rossi vart utlånt til Perugia.

Skandalen

Her skjedde det som kunne ha enda karrieren til Rossi. Perugia var involvert i ei kampfiksingsak, den såkalla Totonero affæra, der fleire veddemål hadde vorte plasserte på blandt anna Perugia sine kampar. Det heile enda med at AC Milan og Lazio vart flytta ned ein divisjon, og fleire spelarar vart utestengde. Rossi vart utpeikt som ein sentral mann i denne saka, og vart utestengd frå all fotball i tre år. Rossi har aldri innrømt noko, og har alltid påstått at han var uskuldig. I seinare tid har det kome fram at han muligens vart lurt, og vitner har stått fram og sagt at bevisa mot han var konstruerte.

Dei tre åra vart tidleg i 1982 endra til to, slik at Rossi akkurat rakk å vere tilbake på bana til VM i 1982. Men journalistar og kritikarar meinte han ikkje var i god nok fysisk form, og klagene auka etter kvart som Italia fekk stadig fleire dårlege resultat i innleiinga. Men som nevnt over, snudde Rossi trenden, og som beløning vart han kåra både til Årets Spelar i Europa og i verden det året.

Stjernelaget

Etter VM gjekk han tilbake til Juventus, som også henta inn Boniek og Platini (årets europeiske spelar i 83, 84 og 85, den einaste som har fått denne tre år på rad), og som frå før hadde Zoff, Scirea, Tardello, Cabrini, Galderisi og Gentile.

Med Juve vann Rossi serien, cupen, UEFA-cupen i 82, Supercupen same år og europacupen i 85. I 85 reiste han til AC Milan, der han fekk 20 kampar, og scora to mål, som begge kom i same kamp, i byderbyet mot Inter.

Han var med i VM-troppen til Italia i 86, men kom aldri på bana. Karrieren vart avslutta i Verona i 87, og Rossi driv i dag med eigendom saman med den tidlegare lagkameraten Giancarlo Salvi.

Tidlegare barndomsheltar:
David Rocastle

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s