Kven sa du? #1 Marvin Ogunjimi


Det var nok fleire enn underteikna som sperra opp augene når dette namnet dukka opp og scora begge måla for Belgia i 2-0-sigeren borte mot Kazakhstan.

Fødd i Mechelen i 1987, med far frå Nigeria. Var innom RBC Roosendaal i Nederland frå han var 12-15, men debuterte som senior for sin noverande klubb Racing Genk, etter å vore innom KV Mechelen på vegen tilbake frå Nederland.
I 2007/08-sesongen var han på utlån i nederlandske RKC Waalwijk, men er no tilbake i Genk.
Favorittspelar er Nicolas Anelka, og han drøymer om å spele i Tyskland eller Frankrike, sjølv om Premier League er favorittserien.
I år scora han 2 mål på dei første 6 kampane han spelte, men på klubblaget er det Premier Leagueaktuelle Jelle Vossen som herjar, med 13 mål på ti kampar. Likefullt fekk altså Marvin draumedebuten for landslaget i helga.

Men at han no har debutert for Belgia, virka ikkje som ei sjølvfølge for kort tid sidan. Seinast i februar i år var han ute og flørta med det nigerianske forbundet, og melde seg klar til teneste, men fredag fekk han altså sin debut for dei raude djevlane, og putta like godt to mål.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s